HORDALAND

  • E39 Jektevik-Sandvikvåg (Stord-Fitjar): Utbetringa av vegen held fram. 20 millionar kroner i 2006
  • E39 Halhjem-Sandvikvåg (Os og Fitjar): Ombygging av ferjekaiane, som må vera ferdige til å ta dei nye gassferjene frå 1. januar 2007. 115 millionar i 2006.
  • E39 Sørås-Hop (Bergen): Utviding frå to til fire felt. 90 millionar i 2006.
  • E39 Romarheimsdalen (Lindås): Omlegging av vegen. Kostnad 239 millionar kroner. 90 millionar i 2006.
  • Rv. 13 Jøsendal-Voss: 8,2 millionar til utbetring og rassikring.
  • E134 Rullestadjuvet (Etne): Ny tunnel og veg ferdig neste år. 10 millionar kroner.
  • E134 Haukelitunnelane: Utviding til høgde 4,2 meter. 160 million skal brukast i 2006.
  • E16 Helle— og Dalevågtunnelen: Utviding av tunnelane har starta opp og er ferdig til våren 2006. 62 millionar skal brukast i 2006.
  • Rv. 544 Halsnøysambandet (Kvinnherad). Undersjøisk tunnel til Halsnøy. Arbeidet starta i 2005, og vil kosta 365 millionar kroner. 155 millionar vert løyvd for 2006.
  • Rv. 550 Syreflot-Aga (Ullensvang):
  • Tunnel forbi Agatunet. Kostnad 88 millionar kroner. Arbeidet er ferdig neste år, med ei løyving på 12 millionar.
  • Rv. 546 Austevollbrua (Austevoll): Siste lekk i arbeidet med å samla kommunen. Arbeidet tok til i 2005. Kostnad 330 millionar kroner. 130 millionar i 2006.
  • Rv. 48 Hafskorberget (Fusa). Lekk i arbeidet med ein (førebels?) indre, ferjefri «stamveg» mellom Bergensområdet og Sunnhordland/Stavanger. Kostnad 100 millionar. 15 millionar til anleggs-start i 2006.
  • Rv. 57 Espeland-Herland (Lindås): Siste resten av gammal veg mellom Knarvik og Mongstad. Anleggsstart i 2006. Kostnad 100 millionar kroner.
  • Rv. 557 Ringveg vest (Bergen): Ny veg, men mest tunnelar, mellom Birkelandsskiftet på Flyplassvegen og Liaflaten på Vestre innfartsåre. Fyrste etappe er omlegging av Ytrebygdsvegen frå Birkelandsskiftet til Dolvik og tunnel frå Dolvikskiftet til Sandeid, under Sør-eide og Strømme bro. Totalramme 1.102 millionar kroner. Ferdig i 2009. 130 millionar kroner til starten neste å r.

SOGN OG FJORDANE

  • E16 Borlaug-Voldum: Kostnad 260 millionar. 70 millionar til start i 2006.
  • Rv. 55 Stedjeberget: Rassikring mellom Leikanger og Sogn-dal. Kostnad 174 millionar kroner. 85 millionar for bruk i 2006.
  • Rv. 617 Gotteberget-Kapellneset, nord for Måløy. Løyving p å 31 millionar kroner i 2006. Total ramme 102 millionar.
  • Rv. 61 Naveosen-Møre og Romsdal grense. 13 millionar kroner i 2006 til fullføring av utbetringsarbeid.
  • Rv. 609 Dalsfjordbrua er ikkje med i handlingsprogrammet for 2006-2009. Men Statens vegvesen melder at planlegginga har starta og vil halda fram.
RINGVEG VEST: Får 130 millionar på statsbudsjettet for 2006.
STATENS VEGVESEN