– Hei, snakkar eg med Borghild Berge?

– Ja...

– Så hyggeleg. Eg ringer frå xx, og har eit fantastisk tilbod til deg i dag.

Sjølv om eg har reservert meg mot telefonsal i Reservasjonsregisteret, får eg stadig vekk telefonar av denne typen.

Mandag denne veka blei eg for eksempel oppringt av eit kvinneblad. Eg sa som vanleg at eg har reservert meg mot direkte marknadsføring.

– Er det lenge sidan du reserverte deg? spurde seljaren då.

– Ja, no er det vel eitt år sidan, sa eg.

– Åh, men du er berre reservert i eit halvt år om gongen. Du må kontakta Brønnøysundregistra for å reservera deg igjen.

– Ja vel?

– Ha ein fin dag.

Klikk.

Pliktar å oppdatera listene

Men det viser seg at seljaren tar heilt feil.

– Reservasjonen står til du sjølv gjer endringar, og den enkelte marknadsførar har plikt til å oppdatera listene sine minimum fire gonger i året, seier seniorrådgivar Frank Svensson i Brønnøysundregistra.

– På snodig vis klarer nokon seljarar å vri det til at kunden har ansvar for å gjenta reservasjonen med jamne mellomrom, seier han.

Det drøyaste eksempelet Svensson har høyrt om er ein seljar som påstod at reservasjonen må oppdaterast kvar tredje månad.

84 prosent oppringt

Stadig fleire nordmenn vel å reservera seg mot telefonsal hos Brønnøysundregistra. Per 18.06 er talet 1.684.370. Det er nesten 200.000 fleire enn i februar i fjor.

Ei SIFO-undersøking frå våren 2007 viste at 84 prosent av dei som hadde reservert seg likevel blei oppringt av telefonseljarar. Les heile undersøkinga her.

SIFO-forskar Randi Lavik seier at det kan vera fleire grunnar til det:

  • Det kan vera for kort tid sidan du reserverte deg. Normalt går det tre månader før dette blir registrert i listene til telefonseljarane.
  • Du kan ha blitt oppringt av banken din, forsikringsselskapet ditt, eller andre verksemder som du har eit kundeforhold til. Dei har lov til å ringa deg sjølv om du har reservert deg.
  • Seljarane har kanskje ikkje vaska telefonlistene sine godt nok.
  • Har du eit enkeltmannsføretak, kan du ikkje reservera deg mot direkte marknadsføring.
  • Reservasjonsretten gjeld direkte marknadsføring, ikkje spørjeundersøkingar.
  • Enkelte seljarar prøver seg uansett.

Negative til telefonsal

I den same undersøkinga svarte 92 prosent at dei var negative til telefonsal.

– Telefonsal er ei påtrengande salsform, der seljaren trenger inn i privatsfæren til den enkelte. Dette er det mange som ikkje liker, seier Randi Lavik.

Er du blitt oppringt sjølv om du har reservert deg, og ønskjer å klaga, er Datatilsynet klageinstans. Grunnen er at reservasjonsretten ligg under Personopplysningslova.

– Me oppfordrar folk til å klaga direkte til marknadsføraren, og har laga ein enkel klagemal som ligg på nettsidene våre, seier seniorrådgivar Katrine Berg Blixrud i Datatilsynet.

I løpet av året vil det koma ei ny marknadsføringslov, og ifølgje Frank Svensson i Brønnøysundsregistra er det snakk om å skjerpa krava til at telefonseljarane oppdaterer listene sine.

– I tillegg vil reservasjonsretten sannsynlegvis bli flytta inn under marknadsføringslova. Forbrukarombodet blir då klageinstans. Det blir enklare for alle partar om alt blir samla her, seier Svensson.

Bransjen vil at folk klagar

Dagleg leiar Didrik Launes i Stord Dialog, som driv mykje med telefonsal, seier til bt.no at dei seriøse aktørane i bransjen er tente med å ikkje ringa folk som har reservert seg.

– Me ønskjer å nå ut til flest mogleg, men me vil ikkje ringa dei som har reservert seg. Viss ein ønskjer å driva langsiktig i bransjen, må ein forholda seg til Reservasjonsregisteret, seier Launes.

Han seier at av og til leverer Stord Dialog telefonlistene sjølve, og av og til er det kundane som gjer det.

– Når det er me som leverer listene, er me svært nøye på at listene skal vera vaska, som me seier. Me kjøper listene av eksterne aktørar som sjekkar dei opp mot Reservasjonsregisteret.

Launes merkar at det er blitt færre telefonnummer å ta av.

– Men det gjer berre at me må vera meir effektive i forhold til dei me ringjer, og bruka meir tid på kvar enkelt, seier han.

Han trur det er blitt færre useriøse aktørar i bransjen den siste tida.

– Bransjen er blitt ryddigare. Men det er framleis altfor lett å starta opp eit callingselskap. Me vil at det skal stillast strengare krav, seier Launes.

Har du reservert deg, men blir oppringt likevel? Skriv eit innlegg under!

RING, RING: Å reservera seg mot telefonsal er ingen garanti mot å bli oppringt. Mange seljarar prøver seg likevel.ILLUSTRASJONSFOTO: RE-ALITY/FLICKR.COM