Hovudstrategien for den norske regjeringa i kampen mot fattigdom er den såkalla «arbeidslinja»: Gjennom kursing, opplæring, praksisplassar og avrusing skal dei fattige hjelpast til ein jobb og dermed bort frå fattigdommen.

Baksida av det høge norske lønsnivået er knallharde krav til effektivitet, og frykt frå arbeidsgjevarar for å tilsette «feil» person. For har du først tilsett nokon, er det ikkje lett å sparke dei i Noreg.

Forskingsleiar Hanne C. Kavli ved forskingsstiftinga Fafo peikar på at arbeidsgjevarar ønskjer tilsette med maksimalt potensial og minimum risiko. Her blir våre nye landsmenn råka av den same mekanismen som gjer at eldre folk, langtidssjuke, eks-narkomane og folk med store hol i CV-en har problem med å få jobb:

Arbeidsgjevarane fryktar at det blir meir styr enn det som løner seg.

Risikoen ved innvandrarar er mellom anna ukjent utdanning, eventuelle krigstrauma, mangelfulle norskkunnskapar og det Kavli kallar «sosiale aspekt»: Vil det bli pinleg på julebordet med ein muslim i gjengen?

Restaurant og vaskefirma

Når over halvparten av alle jobbar aldri blir lyst ut, men går gjennom kjennskap eller nettverk, får mange av våre nye landsmenn problem.

Løysinga for mange blir difor å ta ein jobb der det ikkje finst noko tariffløn eller skeptiske arbeidsgjevarar. Ein jobb der dei, som i USA, kan tene så lite at dei må jobbe døgnet rundt for å klare seg: Dei startar opp for seg sjølv.

35 prosent av dei sjølvstendig næringsdrivande innan hotell— og restaurantbransjen er innvandrarar.

Nær kvar tredje næringsdrivande innanfor reinhaldsbransjen er òg innvandrar.

Totalt er sju prosent av dei sjølvstendig næringsdrivande her i landet innvandrarar, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Dei fleste har jobb

Sjølv om ein kan få inntrykk av at alle ikkje-vestlege innvandrar går og sleng arbeidslause, er det ikkje rett.

Men med unntak av enkelte grupper flyktningar, spesielt frå Somalia og Afghanistan, jobbar nesten ein like stor del av innvandrarane som i befolkninga elles. Det betyr at seks av ti er i jobb.

Men sidan det er færre pensjonistar blant innvandrarane er likevel arbeidsløysetala større i desse gruppene. I februar var 10,2 prosent av førstegenerasjons-innvandrarane frå ikkje-vestlege land arbeidslause, mot tre prosent for befolkninga generelt.

Størst var arbeidsløysa blant afrikanarar, med 16,5 prosent.

Statistikken viser òg at det er størst arbeidsløyse blant dei som har vore her under fem år.

Førstegenerasjons innvandrarar frå ikkje-vestlege land jobbar i stor grad i manuelle yrke med små krav til utdanning, som innan reinhald og i butikkar. Dei er òg godt representert blant handverkarar, men i liten grad i leiar- og akademiske yrke.