Samstundes som leiar Tor Bremer i Sogn og Fjordane Arbeidarparti måtte innsjå at det eine mandatet gjekk tapt, måtte sogndølen Bremer innsjå at fjordfylket ikkje får ein einaste sogning inn på tinget — uansett parti.

Frykta det endå verre

Likevel trur ikkje Bremer Ap- nominasjonen, med to sunnfjordingar på topp, har spela noko stor rolle for sogningane sitt val.

— Alt tyder på at det dårlege resultatet ikkje har noko med nominasjonen å gjere, seier Bremer.

Tilbakegangen i Sogn er stort sett på line med landsgjennomsnittet. Vi var budde på at det kunne gå slik, og frykta faktisk ei stund at det kunne gå endå verre.

Då er det mager trøyst i bastionen Årdal, der Ap klarte over 60 prosent oppslutnad. Og det med over 11 prosent tilbakegang!

Bremer ser ikkje noko stor sak i at den tradisjonelt sterke Ap-fogderiet Sogn ikkje får representasjon i noko parti dei neste fire åra. Han legg vekt på at dei innvalde uansett skal representere heile fylket. Noko enkel forklaring på resultatet kan ikkje Bremer gje.

Mistillit

— Eg meiner det ikkje ligg i sakene våre. Det handlar heller ikkje om personar, sjølv om vi antakeleg er utsett for ein viss styringsslitasje. Det handlar heller om kommunikasjon og image, trur Bremer.

— Så dårleg oppslutnad er ein openberr mistillit frå velgarane våre, og dette må vi no ta tak i.

— Korleis?

— Eg vil gå til landsstyret for å få ein debatt om måten vi kommuniserer med folk på, seier fylkesleiar Bremer. - Eg har ingen fasit klar på dette, men det må vere eit soleklart tema for oss.

Bremer legg heller ikkje skjul på at han ønskjer seg eit Ap som meir aktivt søkjer samarbeid med sentrumspartia.

— Vi må vere opne for dette, sjølv om sentrum har avvist dette alternativet. Eg opplever oss faktsk som eit audmjukt parti, og det har vi vore iallefall det siste året, seier Tor Bremer.