1. mars i fjor alarmerte generalmajor Leif Sverre Rosén forsvarssjef Sverre Diesen og forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen om den manglande legedekninga.

Det skjedde gjennom eit oppsiktsvekkjande sterkt brev som Bergens Tidende har fått tilgang til. Brevet gjekk til forsvarssjefen og til Forsvarsdepartementet. Brevet fortel om kva som har skjedd og kva som ikkje har skjedd med legedekninga sidan Forsvarsdepartementet i 1995 nedsette ei arbeidsgruppe som skulle vurdere behovet.

Plasserer ansvaret

Brevet plasserer eintydig ansvaret for ei «fullverdig sanitetstenste i Forsvaret» på Forsvarssjefen (FSJ).

Ved at brevet også er sendt til Forsvarsdepartementet, kviler innhaldet også tungt på forsvarsministeren, Anne-Grete Strøm-Erichsen, både formelt og reelt.

Allereie vinteren 1996 vart det slege fast i rapporten frå arbeidsgruppa at Forsvaret hadde behov for at det vart oppretta 12 legestillingar, åtte kirurgar og fire anestesilegar som skulle lønnast og stillast til disposisjon for Forsvaret over periodar på tre månader

Dette innebar eit behov for 18 kirurgar og 10 anestesilegar som skulle gå i turnus, for å sikre kontinuiteten. Stillingane var øyremerkt for internasjonale operasjonar.

Av brevet frå Rosén framgår det at sanitetsavdelinga i dåverande Forsvarets Overkommando allereie i april 1999 hadde påpeika at behandlinga av saka i Forsvarets Overkommando hadde pågått i fem år. Saniteten ba om ei avklaring.

Ufatteleg tidsbruk

I september same år ba departementet om ei revurdering av behovet. Konklusjonen i vurderingane av behovet vart oppretthalden.

I desember 1999 tok sjefen for sanitetsavdelinga saka opp med departementsråd John Lunde i FD. Lunde skal då ikkje ha vore klar over at saka låg i departementet, og han lova ei rask avklaring.

I januar 2000 får Forsvarets Overkommando fullmakt til å iverksetje rekrutteringa av fagpersonell med den aktuelle spisskompetansen innan akuttmedisin og krigskirurgi.

I brevet frå mars i fjor opplyser Rosén at det tok sju år frå rekrutteringsprosessen tok til før fire av 12 spesialistar vart tilsett i 2002. Men i mars 2006 var berre to av 12 stillingar fylt opp. «Forsvaret har ikke kunnet tilby betingelser som er tilpasset markedet», skriv Rosén.

Ny kommandostruktur

Rosén påpeikar vidare at forsvarssjefen i januar 2005 bestemte å endre kommandoforholda. Med verknad frå 1. januar 2006 vart sjefen for Forsvarets Sanitet (altså Rosén) underlagd sjefen for Forsvarsstaben. Det vil seie generalløytnant Arne Bård Dalhaug.

Det framgår vidare at sjefen for Forsvarets Sanitet «er som fagmyndighet FSJs (Forsvarssjefens) rådgiver i sanitetsfaglige spørsmål, og skal på vegner av FSJ utarbeide direktiver, reglementer, bestemmelser og retningslinjer samt føre fortløpene faglig tilsyn med virksomheten».

«Det er FSJs privilegium å beslutte om han vil følge sjef FSANs (sjefen for Forsvarets Sanitet) anbefalinger.»

«Det endeleige ansvaret for en «fullverdig» sanitetstjeneste i Forsvaret er tillagt FSJ», slår Rosen fast.

Dermed ser det ut til at Rosén er «hekta av» det direkte ansvaret for legedekninga.