Terje Ulvedal (tekst og foto)

Barnevernet skal bli opnare både overfor media, og andre offentlege etatar. Rundt årsskiftet skal eit nytt regelverk vere klart om korleis tilsette i barnevernet skal handtere teieplikta.

— Ein del barnevernsarbeidarar er svært engstelege for å bryte regelverket som gjeld for teieplikt. Dei er redde for å seie for mykje, og dermed kome i fare for å bryte lova om teieplikt, seier Dåvøy.

Skal uttale seg

I følgje statsråden skal barnevernet lokalt no kunne svare på og uttale seg om saker som dukkar opp i media. Men Dåvøy understreka at dette skal gjerast på ein slik måte at det ikkje blir gitt ut personopplysningar. Vel å merke dersom noko anna ikkje er klarert med pårørande.

— Ofte ser vi at familie og pårørande stiller seg positive til at barnevernet går ut med ein del opplysningar i konkrete saker, seier Dåvøy.

Barne- og familieministeren understreka også at barnevernet skal bli flinkare til å gje opplysningar til barnehagar, skular og andre offentlege etatar. Men på konkrete spørsmål om kor langt barnevernet skal gå i å opne seg for omverda, er statsråden langt vagare:

— Dette er noko vi jobbar med akkurat no.

— Det finst døme på at skular og lærarar ikkje blir informerte om dramatiske endringar i elevar sin familiesituasjon. Vil du i slike tilfelle gje barnevernet informasjonsplikt overfor skuleverket?

— Eg trur ikkje vi skal gå så langt som å gjere dette til ei plikt. I enkelte tilfelle vil det vere heilt nødvendig å informere skular og andre institusjonar og etatar om tiltak som barnevernet set i verk. Men kor langt vi skal gå, er som sagt noko vi no ser på, svarar Dåvøy.

Opna Blåklokka

Statsråden var i går i Førde for å opne «Blåklokka foreldre og barn senter». Blåklokka er ein institusjon som skal gje hjelp til gravide med behov for særleg oppfølging siste del av svangerskapet, og foreldre med barn i alderen 0-6 år som treng hjelp til å ivareta barna sine omsorgsbehov. Institusjonen har bueiningar til tre familiar.

— Mange unge familiar har trong for hjelp. På denne måten kan vi kome inn tidleg, seier statsråden.

Blåklokka i Førde er den fjerde institusjonen av denne typen i region Vest, som omfattar Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland. Dette er den første institusjonen i sitt slag i Sogn og Fjordane. Tidlegare har slike tenester blitt kjøpt i andre fylke.

Legitimitet

Før gårsdagens opning rosa statsråden barnevernet for å gjere ein kjempejobb. Parallelt nytta Dåvøy altså høvet til å signalisere at barnevernet skal bli opnare. Til grunn ligg utan tvil erfaringar frå enkeltsaker som har fått brei omtale i media. Kanskje ikkje minst den sterkt mediefokuserte saka frå Kvænangen der Svanhild Jensen miste foreldreretten til dei to barna sine.

Men også undersøkingar som viser at det mellom folk flest er relativt stor skepsis til barnevernet, medan dei som sjølve har erfaringar med barnevernstiltak er svært positive.

— Større openheit og betre samarbeid med andre etatar må til for å skaffe barnevernet større legitimitet ute i samfunnet, meiner Dåvøy.

Ho meiner lova om teieplikt er god nok. Det er nye retningsliner som skal gjere det klarare for dei tilsette korleis teieplikta skal praktiserast.

<b>OMVISING:</b> Barne- og familieminister Laila Dåvøy fekk omvising i den nye barneverninstitusjonen i Førde av styrar Irene Havn.