Opinionen skal dermed ikkje få vite kven Regjeringa har å velje mellom til denne nye stillinga som blir leiar for ein heilt ny organisasjon.

Av ukjende grunnar har departementet vald å engasjere eit privat konsulentfirma i tilsettingsprosessen sjølv om det her gjeld ei stilling med utprega politisk innhald.

Bergens Tidende ba om innsyn i søkarlista etter at søknadsfristen var ute. Det hadde då meld seg 11 søkarar. Fire av dei, alle kvinner, vart haldne hemmeleg etter krav frå søkarane sjølve.

Mellom dei øvrige 10 var generalsekretær i Human Etisk Forbund, Lars Gule, (50) og nåverande likestillingsombod, Kristin Mile (49).

Bergens Tidende kravde å få opplyst kven alle søkarane er.

Hemmeleg nyhendedirektør

Etter tre dagars behandling i departementet gjekk BFD med på å frigje namnet på ytterlegare ein søkar. Det var tidlegare nyhendedirektør i NRK, Anne Aasheim, (43).

To søkarar vart framleis haldne hemmeleg medan ein søkar trekte seg.

Bergens Tidende har nå klaga avgjerda inn for Sivilombodsmannen.

Utlysingsteksten etterlet ingen tvil om at dette er ei viktig stilling med rikt politisk innhald.

Her heiter det mellom anna:

«Det nye ombudet får som ansvar å påse at likestillingsloven, diskrimineringsloven, arbeidsmiljølovens likebehandlingskapittel samt diskrimineringsforbudene i boliglovene håndheves. I tillegg skal ombudet påse at norsk rett og forvaltningspraksis samsvarer med de forpliktelsene Norge har etter FNs kvinnekonvensjon og FNs rasdiskrimineringskonvensjon. Det kan bli aktuelt å utvide ombudets håndhevingsansvar med flere diskrimineringsgrunnlag.»

Skal svært mykje til

Det framgår vidare at ombodet både skal vere pådrivar og ha rettleiingsoppgåver. Dessutan skal ombodet ta initiativ og delta i den offentlege debatten og vere premissleverandør for utformining av politikken på området. Endeleg vil evne til og interesse for å opptre i media bli tillagd vekt.

Både Statsministerens kontor, Justisdepartementet og Sivilombodsmannrn har i fleire samanhengar gjort det klart at det skal svært mykje til for å nekte innsyn i søkarlister på viktige offentlege stillingar. Di viktigare stillingane er, di meir skal til for å kunne nekte innsyn. For dei viktigaste stillingane er det ikkje aktuelt å nekte innsyn.

Med dette som bakgrunn har Bergens Tidende nyleg fått innsyn i Utanriksdepartementet og Justisdepartementet etter først å ha blitt nekta fullt innsyn. Det gjeld stillinga som utanriksråd og som sysselmann på Svalbard.