Det var ein sterkt oppskaka nabo som ringde inn til politiet i Haugesund i går og fortalde om fortvilte rop og skrik frå nabohuset.

— Han fortalde at det høyrdest ut som om ein person var i ferd med å bli skambanka og ende sine dagar der inne. Meldaren var svært uroa over kva som kunne vere på ferde, seier politioverbetjent Reidar Gaupås i Haugesund.

Politiet tok den alarmerande meldinga på alvor, og sendte straks ut tre politipatruljar.

— Vi var budde på det verste. Då patruljane kom fram, kunne også dei melde om veldige skrik frå ein mannsperson, seier Gaupås.

Men då politiet ringde på, vart dei møtt av ein frisk og heil mann - rett nok både oppskjørta og sveitt, men ikkje i livsfare.

— Han kunne fortelje at han nettopp hadde gått på ein smell ved datamaskinen: Han hadde spelt managerspel, og Lyn hadde tapt Champions League på overtid. Mannen var heilt skjelven og svært skuffa, fortel Gaupås, som vel å setje utrykkinga på kontoen for datafeil.