• Ein måte å lure pengar frå fulle folk på, meinar festivaldeltakar.

– Dette er ein måte å lure pengar frå folk, seier festivaldeltakar Geir A. Midtgaard til Firda .

«Tullepengar»

Han reagerte sterkt på pengesystemet på festivalen.

– Eg betalte ein hundrelapp for vin til 60 kroner, og fekk att 40 «tullepengar» og beskjed om at dei kunne vekslast tilbake på eit ana kontor, fortel han.

Midtgaard meiner arrangørane av festivalen gjer dette i håp om at deltakarane gløymer å veksle inn pengane.

Vil unngå kontantar

Festivalarrangør, Per Kapstad, grunngjev pengesystemet med at dei ønskjer å unnå store mengder kontantar på området.

– «Danseskillingen» kan vekslast inn på Sande heile året, dette er betre enn eit bongsystem der verdien forsvinn når arrangementet er slutt, meiner han.

Midtgaard er ikkje einig. Han meiner at eit bongsystem hadde vore betre.

– Då er ein i alle fall medviten på kor mykje ein brukar. Eg har meldt ifrå om saka til politiet, og kjem ikkje til å gå på dansefestivalen fleire gongar, seier han.

«Ikkje forbrukarfiendtleg»

Fungerande forbrukarombod, Lars Grøndal, meiner pengesystemet i Sande er tungvint, men «ikkje forbrukarfiendtleg».

Forbrukarombodet har ikkje motteke klagar på liknande pengesystem.