Skulen har søkt om ei årleg investeringsstøtte på ein komma fem millionar kroner. Eit knapt fleirtal i fylkesutvalet gjekk inn for å avslå søknaden i går. Høgre, Framstegspartiet og KrF røysta for å gi støtte. Lars Johan Danielsen seier til Kystradioen at det er ein uakseptabel forskjellsbehandling av Danielsen videregående skole og Steinerskolen. Steinerskolen får årleg 900.000 kroner i støtte. Han vonar at mellom anna Venstre kan skifta standpunkt fram til søknaden blir handsama i fylkestinget.