VIDAR YSTADOslo Borgarting lagmannsrett har nå avgjort at det ikkje er nokon grunn til å sette suspensjonen og eksklusjonen av ni Frp-tillitsmenn i Oslo til sides. Dag Danielsen seier til NTB at han vil ta saka vidare til Høgsterett.

Dag Danielsen og dei åtte andre tillitsmennene gjekk til sak mot partiet sitt etter at sentralstyret i partiet stengde dei ute. Prosessfullmektig og talsmann for saksøkarane, var advokat Per Danielsen.

Saksøkarane tapte i Namsretten 11. desember og anka saka inn for lagmannsretten.

Samd med namsretten Lagmannsretten kom til same resultat som namsretten og er i det vesentlege samde i grunngjevinga, det vil seie premissane, frå namsretten.

Lagmannsretten har også dømd saksøkarane til å betale sakskostnadane fullt ut i to rettsinstansar.

— Vi er godt nøgd med utfallet, både juridisk og økonomisk, seier advokat Svein Aage Valen, til Bergens Tidende. Han representerer Frp.

Oppheva «Bergens-rabatt» Namsretten gjorde i si avgjerd «avslag» i salærkravet frå Frp sine advokatar sidan Frp hadde henta advokatar i Bergen.

«I en sak som denne kan det ikke i seg selv anses som unødvendig å bruke advokater fra Bergen» skriv lagmannsretten.

Det var advokatane Pål W. Lorentzen, Svein Aage Valen, Trond Hatland og Eirik Raanes frå firmaet Thommessen Krefting Greve Lund sitt kontor i Bergen, som prosederte saka for Frp.

Må punge ut Salærkravet med kostnadar var på 237.095 kroner. Av dette utgjorde salæret 198.000 kroner.

Namsretten godtok berre 175.000 kroner. Det har lagmannsretten nå auka til det opprinnelege kravet på 237.095. I tillegg kjem kostnadane til ankeomgangen for lagmannsretten med 49.000 kroner.

Avgjerda frå lagmannsretten er samrøystes.

Saksøkarane må dessutan dekke eigna sakskostnadar til eigne advokatar. For namsretten utgjorde det omlag 250.000 kroner.

Seks av dei ni saksøkarane trekte søksmålet sitt før avgjerda frå lagmannsretten låg føre. Sake er for desse heva. Dei slepp økonomisk med å måtte hefte solidarisk med dei tre saksøkarane som står att, for dei 175.000 kronene dei vart dømde til å betale i namsretten.

Det inneber at dei tre saksøkarane som står att, med Dag Danielsen i brodden, åleine i tillegg må dekke sakskostnadane opp til 237.095, det vil seie 62.095 kroner.

Alle ni må dessutan dekke dei 49.000 kronene for lagmannsretten.

TAPTE IGJEN: Per og Dag Danielsen (Arkivfoto)