Offiserskjelder uttalar at Forsvarsstaben neppe kunne kome utanom å tilrå avskil med bakgrunn i den profilen og det engasjementet forsvarsleiinga har hatt.

Det er vanskeleg å tenkje seg at sjefen for forsvarsstaben, generalløytnant Arne Bård Dalhaug, kunne halde fram i stillinga, dersom Karlsvik fekk halde fram, blir det framhalde overfor BT.

Forsvarsdepartementet vil ikkje opplyse noko om den vidare behandlinga av saka, men stadfester at Regjeringsadvokaten er kopla inn i saka.

— Eg forstår det slik at Forsvarsstaben har innstilt på avskil i saka, seier leiaren i Norges Offisersforbund, Peter Andre Moe, til Bergens Tidende.

— Med bakgrunn i alle dei opplysningane om «uetterretteligheter» i saka som har vore framme i media, er eg ikkje overraska over ein slik konklusjon, seier Moe.

Han legg til at Karlsvik ikkje er medlem i NOF.

Didrik Coucheron, som leier den andre store offisersorganisasjonen, Befalets Fellesorganisasjon, seier at han ikkje har fått noka orientering om saka.