Dagbladet har i 7-8 år vore ein betydeleg aksjonær i Norges Handels— og Sjøfartstidende (NHST) utan å kunne utøve aksjonærrettar.

Dagbladet har heva utbyte, men har ikkje kunne røyste på generalforsamlingane i NHST.

Styreleiaren i NHST, Johan Fredrik Odfjell, opplyser til Bergens Tidende at selskapet er blitt orientert om at styret i Dagbladet har gjort vedtak om å gå til sak.

Odfjell seier at han tek dette til etterretning. Han legg til at styret i NHST var klar over at dette kunne bli resultatet då ein i mars vedtok å nekte å godkjenne aksjekjøp Dagbladet hadde gjort.

Voldsomt byks

Fram til i januar år hadde Dagbladet gradvis kjøpt seg opp i sju prosent av aksjane i NHST. Men i januar byksa posten opp i 22 prosent etter at Dagbladet hadde gjort ein «bytehandel» med sin tidlegare mangeårige styreformann, Jens Paludan Heyerdahl:

Dagbladet overtok Heyerdahl-familien, gjennom Hamang Papirfabrikk, sin 15 prosents aksjepost i NHST mot at Hamang fekk overta ein aksjepost i Dagbladet. Dette var eigne aksjar som Dagbladet sat på. I mellomlegg betalte Dagbladet til Heyerdahl-familien 90-100 millionar kroner.

Dermed har Dagbladet frigjort innpå 100 millionar kroner for Heyerdahl-familien - ei gild handsrekning til sin tidlegare styreformann.

«Styrkar grepet»

I NHST er oppfatninga at Heyerdahl med dette styrkar grepet sitt om Dagbladet, der familien nå kontrollerer rundt 25 prosent, og samstundes gjennom Dagbladet har like stor eller liten innverknad i NHST som det han hadde før.

Mange i Dagbladet deler denne oppfatninga.

Handelen vart gjort trass i at NHST i år etter år har gjeve Dagbladet skriftleg melding om at Dagbladet ikkje blir akseptert som aksjonær.

— Vi har sendt minimum fire slike meldingar tidlegare etter kvart som dagbladet har kjøpt seg opp, seier administrerande direktør Gunnar Bjørkavåg i NHST til Bergens Tidende.

I mars i år sendte selskapet ny melding til Dagbladet etter det siste oppkjøpet om at styret har nekta transport av det siste aksjekjøpet.

«Konkurransesituasjon»

— Grunngjevinga er først og fremst at Dagbladet er mediebedrift som på nokre område er i ein konkurransesituasjon i forhold til NHST, seier Bjørkavåg.

Bjørkavåg viser til at både NHST, Dagbladet og andre medieverksemder har passusar i vedtektene som opnar for slike avslag.

Både Dagbladet og NHST har nå engasjert advokatar i saka. Dagbladet har valt Kjell Inge Røkke sitt «hoff-advokatfirma», Bahr.

Dagbladet meiner at NHST har førsmd seg om ein meinte alvor med å nekte godkjenning av aksjekjøpa ved at NHST har førd Dagbladet inn i aksjeprotokollen som aksjonær. Dessutan skal Dagbladet ha blitt registrert som møtande aksjonær på ei generalforsamling.

Sterke interesser

Dagbladet har sterke interesser i å stå på god fot med NHST og Dagens Næringsliv. Trykking av Dagens Næringsliv er ei svært viktig inntektskjelde for Dagblad-Trykk. DN er den største eksterne kunden.

Etter det Bergens Tidende forstår, har Dagbladet nettopp hatt utvida samarbeid som mål med det siste oppkjøpet. Men signala som BT nå har fanga opp, tyder på at effekten er den motsette: Oppkjøpet blir i NHST oppfatta som fiendtleg.

Internt i Dagbladet har reaksjonane på disposisjonane vore sterke. Samstundes som avishuset nyttar innpå 100 millionar for å byte aksjar med Heyerdahl, skal staben slankast med inntil 77 årsverk.

At aksjonærane har tenkt å ta ut 80 prosent av overskotet som utbyte, verkar ikkje til å mildne reaksjonane.

Det gjeld sjølv om sparepakken nå kanskje blir redusert til kutt på noko over 40 årsverk.