Enno lever det fiskarar på kysten mellom Stavanger og Ålesund som hugsar islandsfisket.

Dei har varige minne om dei dramatiske opplevingane, det umenneskelege slitet og dei store fangstane som danna grunnlaget for velstand og framgong for byar og bygder på Vestlandet.

Fiskarar, reiarar og sildekoner i Noreg og på Island har attfortalt inntrykka sine til Brynjar Stautland, som og har laga filmdokumentaren «Det salte sølvet» om emnet. Han gav i haust gav ut boka «Frå klondyke til katastrofe», om det hundre år lange vestlandske sildefisket på Island.

Stautland er busett på Bømlo, det er også Kari Shetelig Hovland som i 1980 og 1985 gav ut to bøker om skuter og pionerar i islandsfisket.

Sannspådd forbanning

Både Shetelig Hovland og Stautland fortel om den islandske kystfiskaren Galdravilli som i 1884 irriterte seg over ein stor flokk norske sildfiskarar som brautande kommanderte og herja ved Akureyri då eit større sildeflak var varsla.

Dei skremde torsken som Galdravilli venta på, dermed skal han ha kvittert med å lesa ei forbanning over nordmennene.

Måtte stormen ta båtar og bruk, og havet tømmast for sild! galdra den gamle. To dagar seinare bles ein orkan inn Eyjafjorden, gjorde nitten norske båtar til pinneved og herja stygt med tretti andre. Tre mann drukna i det som blei det største enkeltståande tapet i islandsfisket si soge.

— Og 86 år seinare skulle resten av Galdravillis spådom bli ein realitet, kommenterer Brynjar Stautland.

Sildesuget

Brynjar Stautland seier at islandsfisket er historia om ei teknisk utvikling på båtar og bruk som var langt raskare enn utviklinga av haldningar og kunnskap hos fiskarar og forskarar.

Først på slutten av 1950-talet blei det kjent at silda som blei fanga ved Island og langs norskekysten var den same; norsk vårgytande sild.

Aust- og Mellom-Europa og Sverige var gode sildekundar og tok imot det dei kunne. Etter siste verdskrigen utvikla sildefisket ved Island seg meir og meir til eit industrifiske. Garnfisket var på frammarsj, kraftblokka revolusjonerte snurpefisket. Båtane blei større og sikrare, dieselmotoren tok over, doryane blei motoriserte, radiotelefoni, ekkolodd og peileapparat var andre, nye tekniske hjelpemiddel i ein kamp som silda var nøydd til å tapa.

I 1960-åra blei det pumpa opp enorme mengder sild frå havet til lasteromma, der fangsten blei oversprøyta med formalin før levering til sildoljefabrikkane.

I 1971 var det definitivt slutt. Norske, islandske og russiske fiskarar hadde tømt havet for sild. – Hovmod stod for fall, respekten for naturen og ressursane var borte, konkluderer Stautland.

Viktigare enn olja

Sild var både kapital og næringsmiddel. Derfor var silda viktigare for Noreg som nasjon enn det olja er i dag, oppsummerer Brynjar Stautland.

Det norske sildefisket på Island berga ikkje berre den norske velstandsutviklinga, det la også grunnlaget for den islandske. Det er sagt at nordmennene lærte islendingane å fiska sild, og at dei innførte pengeøkonomien på Nord-Island. Seidisfjord og Siglufjord var som norske koloniar tidleg på 1900-talet.

Dei første nordmennene som sigla over havet for å fiska sild, gjorde det av di det kring 1870 ikkje lenger seig inn sild på Vestlandet slik det hadde gjort i minst to generasjonar. Ein periode drog dei til Vestfjorden i Nordland på jakt etter havets sølv, før det oppstod rykte om enorme sildestimar ved Island om somrane.

Silda er ikkje heilt utdøydd. Ein liten del av 1969-årsklassen vaks opp i Barentshavet og blei ikkje fiska på. Denne årsklassen danna grunnlaget for den gjenoppbygginga av sildebestanden som vi ser i dag, uttalar professor Olav Dragesund ved Havforskningsinstituttet i Bergen i boka.

Målingar tyder på at silda kan koma til å ta opp att sitt gamle vandringsmønster dei neste ti åra. Men klondykestemninga kjem aldri tilbake.

SILDEEVENTYRET: Frå sildeplanet i Siglufjord på Nord-Island der norskfanga sild skapte kvinnesysselsetjing og klondykestemning gjennom hundre år.<p/> BILDE FRÅ BOKA «FRÅ KLONDYKE TIL KATASTROFE»