Etter at lommemannenetterforskinga tok til med full styrke, har politiet fått inn tips på ei rekkje personar. I tillegg har politiet sjølv plukka ut såkalla moduskandidatar, og funne fram til personar som beviseleg har vore på fleire av stadene samstundes med at lommemannen har gjort overgrep.

Samla har dette resultert i at politiet sit med ei liste som inneheld namn på rundt 170 menn.

Arbeidet med å avhøyre desse og be dei avleggje det politiet karakteriserer som DNA-referanseprøver, tok til straks det blei klart at politiet hadde sikra seg lommemannens DNA.

Nekta avhøyr

— Vi har så langt sjekka halvparten av mennene på lista utan at det har blitt treff, opplyser kriposetterforskar Håvard Aksnes.

Kring 30 menn har så langt gitt frå seg prøve. I tillegg er eit 50-tals personar sjekka opp mot politiets DNA-register. Ein stad mellom 80 og 90 av mennene er dermed igjen.

Av dei 30 som har vore inn så langt, skal to ha nekta. Begge er avhøyrte i det som blir kalla austlandsdelen av etterforskinga. Etter det Bergens Tidende kjenner til har begge mennene vore i politiets søkjelys i samband med andre saker.

Dei har eit forhold til ordensmakta som gjer at dei ikkje ønskjer å hjelpe politiet på nokon som helst slags måte. Heller ikkje i jakta på det som kan vere ein av dei verste serieforbrytarane i norsk historie.

Aksnes seier det ikkje er aktuelt å gå til retten for å få ein kjennelse på at personar som nektar skal gje DNA-prøve.

— Vi har ingen mistenkte, og kan difor ikkje gå til retten. Vi ber om at alle som blir kalla inn til avhøyr avgjer DNA, men det er frivillig å gjere det. I dei tilfella folk nektar, brukar vi andre etterforskingsmetodar.

Heilt sikre

Politiet er heilt sikre på at dei no har lommemannens DNA, etter å ha gjort like funn på fire stader der han har gjort overgrep.

I tillegg til å avhøyre personar publikum har tipsa om, konsentrerer politiet seg no om nokre menn som har vore fleire av stadene samstundes med at lommemannen har gjort overgrep.

Namna på desse mennene har politiet mellom anna kome fram etter at politiet har henta inn namnelister frå overnattingsstader. Dette er gjort i Høyanger og fleire andre av dei mindre tettstadene på Vestlandet i dagane rundt tidsrommet der lommemannen har forgripe seg.

— Vi kjenner identiteten til fleire personar har vore på ulike stader samstundes med lommemannen. Nokre er sjekka ut, men vi arbeider vidare med dette, opplyser Aksnes.