Regi: Charlie ChaplinAmerikansk, 7 år

Går aldri ut på dato Klassikaren "Gullfeber" frå 1925 skal ha vore den filmen Charlie Chaplin (1889-1977) var mest glad i av alle filmane sine. Denne påsken får kinopublikummet i Bergen eit triveleg og nostalgisk gjensyn med den vesle fyren med dei store faktene, den svarte Hitler-barten og dei uttrykksfulle augene.

I "Gullfeber" drar landstrykaren til Klondyke-fjella midtvinters for å finna gull — kun iført dress, slips, hatt, stokk og eit par loslitte sko, som vanleg. Der oppe i sprengkulda er det alles kamp mot alle, og landstrykaren rotar seg opp i skumle typar som Store-Jim og Svarte-Larsen, og fell pladask for den vakre femme fatale Georgia på saloon’en. Chaplin var ein filmkunstnar utan sidestykke, og på sitt meisterlege vis spelte han på heile det menneskelege spekteret. "Gullfeber" inneheld både komedie og tragedie, dramatikk og romantikk, og er ei 75 år gamal filmperle til glede for både nye og gamle fans. MELDT AV KJERSTI MJØR