VIDAR YSTAD

Dette opplyser fleire kjelder som har hatt sentrale funksjonar i slike kriseøvingar, til Bergens Tidende. Av omsyn til jobbane dei har, krev dei å få vere anonyme.

Liten verdi

— Politikarane har aldri involvert seg og spela med i slike kriseøvingar. Dei kjem opp og får ei orientering. Deretter forlet dei området. Andre, det vil seie byråkratar, må spele rollene til politikarane. Det reduserer sjølvsagt verdien av slike øvingar. Skal ei øving ha verdi, må aktørane vere verkelege, dei som sit med avgjerdsmynde, seier ei av kjeldene.

Argument som er blitt nytta for at politikarane ikkje deltek i slike øvingar har dels vore at dei ikkje har tid, dels at det har vore for politisk betent å vere med.

På gråten

Slike øvingar kan ofte bli både dramatiske og ei stor påkjenning for deltakarane. Ei av kjeldene kan fortelje at ei øving for ei tid tilbake vart så tøff at fylkesmannen som var med, begynte å gråte.

Ifylgje opplysningar BT har fått vart det halde fleire øvingar under den kalde krigen enn i dei seinare åra. Mange har ikkje sett det same behovet for å gjennomføre kriseøvingar i åra etter den kalde krigen.

Eitt argument som har vore nytta mot store øvingar, er at dei kostar mykje. Difor bør ein avgrense øvingane både i frekvens og omfang.

Kjeldene hevdar også at mange som har vore involvert i øvingane har meint at øvingane må vere «perfekte», at alt må fungere tilfredsstillande.

— Men då er det ikkje ei øving det er snakk om - det er ein demonstrasjon.

Hemmeleg

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, (DSB) tidlegare Direktoratet for sivil beredskap, organiserer og arrangerer slike stor øvingar.

— Vi arrangerer og handterer ei rekke øvingar. Alt er i tilbods form frå oss. Så får departementa og etatane svare for i kva grad dei deltek. Øvingsopplegga, innhaldet i øvingane må av naturlege grunnar vere hemmeleg, seier direktøren i direktoratet, Jon Lea, til Bergens Tidende.

Påmelding og deltaking har skjedd i sterkt varierande grad.

Nye øvingar

I nær framtid skal direktoratet på ny halde to store øvingar.

I månadsskiftet januar/februar går ei årleg øving i strategisk krisehandtering av stabelen. Den har namnet CMX 2005, som står for Crises Management Exercise. Det er ei øving i regi av NATO og som blir leia frå NATO sitt hovudkontor. Målgruppa for denne øvinga er departementa.

Til denne øvinga har Utanriksdepartementet, Justisdepartementet, Helsedepartementet, Forsvarsdepartementet, Næringsdepartementet, Samferdsledepartementet, Olje- og energidepartementet og Moderniseringsdepartementet.

Til ei sivil nasjonal øving (SNØ) som skal haldast i tilknyting til denne øvinga, har UD, JD, FD, Helse og Landbruksdepartementet meld seg på.

Ifylgje DSB har alle desse påmeldingane skjedd før jul, altså før flodbylgjekatastrofen i Sør-Asia.

<b>PÅ REKKE OG RAD:</b> Toppene i Utenriksdepartementet: Utenriksminister Jan Petersen, departementsråd Bjarne Lindstrøm, ekspedisjonssjef Rolf Einar Fife. Bildet ble tatt under en av de første pressekonferansene etter flodsbølgekatastrofen.<br/> ARKIVFOTO: ERIK JOHANSEN, SCANPIX