HILDE KRISTIN STRAND

Hordaland fylkeskommune får 15,7 millionar i auka inntekter som ei følgje av budsjettforliket i Stortinget. Ein del av desse pengane vert føreslege brukt til å dekka underskot. Men nokre fleire budsjettkroner kjem det til å drypa på dei unge òg.

KrF, Høgre og Frp, som har fleirtal både i fylkesutvalet og på fylkestinget, føreslår å bruka 1,5 millionar på ungdomskortet. Dei vil både redusera prisen og samstundes utvida kortordninga til å gjelda reiser med ferjer, båtar og kystbussen. I tillegg rår fleirtalet til å bruka 200.000 kroner på prosjektet «heim for ein 50-lapp».

— Målet er å få prisen på ungdomskortet ned under 350 kroner. I dag kostar kortet 380 kroner i månaden, seier fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (H).

Når det gjeld «heim for ein 50-lapp» er dette eit prøveprosjekt. I område der det i dag er dårleg kollektivtilbod, vil ein setja inn maxitaxiar slik at dei unge kan koma seg trygt og billeg heim.

— Dette vert eit tilbod først og fremst til bygdeungdommen, seier Nilsen.

Både Ap, SV, Venstre og Senterpartiet kom med eigne forslag. Alle føreslår tiltaket «heim for ein 50-lapp», men med noko ulik sum.

Fylkesutvalet vil bruka to millionar på utbetring av fylkesvegar. Dei rår òg til at ein likevel ikkje melder seg ut av Kommunenes Sentralforbund (KS).

— KS har redusert kontingenten og har dessutan laga ei eiga avdeling for fylke og regionar. Så me føler at presset vårt på KS har verka, og meiner me difor kan melda oss inn att, seier Nilsen til BT.

Fylkestinget skal vedta budsjettet 14.-15.desember.