Det er Idar Mo som meiner dette. Mo er tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Han er ekspert på samferdselsstatistikk. Forslaget om bussrute frå ende til annan på Kyststamvegen er eit innspel til kollektivdelen i Nasjonal Transportplan.

— No må vi vestlendingar vera med å konkurrera om staten si milliardsatsing på kollektivtransport. Det kan ikkje vere slik at statstilskot berre skal gå til ruteslag på skjener og sjø. (NSB og Hurtigruta) Kvifor skal ikkje fylkesoverskridande langruter på veg få statstilskot? Det er trass alt staten som styrer også dette ruteslaget, seier Mo.

Mo sin idé er å få i gang ei bussrute med avgangar kvar time kvar veg mellom Kristiansand og Trondheim.

— Dersom vi brukar 75 bussar, får vi til ei timesrute, og det er mest realistisk. I dei folketunge endepunkta får vi då supplere på dagtid med ein del bussar slik vi der oppnår halvtimes rute på dagtid. f.eks på strekninga Kristiansand - Bergen. Totalt vil opplegget då truleg krevje om lag 100 bussar, medrekna reservemateriell.

Låge prisar, litt tilskot

— Hadde vi gått i gang med 150 bussar, kunne vi hatt halvtimes avgangar heile vegen. Men det opplegget er vanskeleg å gjennomføra sidan vi ikkje har halvtimes ferjer om natta, seier Idar Mo.

Dagens ekspressruter på Vestlandet køyrer utan statstilskot. Så kostar det då og 400 kroner for ein vaksen person å ta buss mellom Bergen og Stavanger.

— Altfor dyrt, meiner Idar Mo.

— Eg legg opp til låge billettprisar og eit lite statstilskot til drifta. Billettprisane har eg lagt så lågt at eg er sikker på at ruta vil konkurrerer prismessig med personbil på lange turar. Men då vert det sjølvsagt ikkje økonomisk balanse utan svært høg seteutnytting.

— Men kvifor kan ikkje staten dekkje opp ei stamrute på Vestlandet med f.eks 100 mill kr pr år? I andre landsdelar subsidierer staten tilsvarande stamruteopplegg med jernbane med t.d. 1 milliard kroner, seier Mo.

NSB slukjer statsstøtte

I mange år har han prøvd å vinna forståing for at persontrafikk med jernbane er elendig samfunnsøkonomi.

— Vi skal vera merksam på at jernbana i Noreg årleg får seks milliardar i tilskot. Ho kostar vel ni milliardar kroner, medan marknadsinntekta berre er tre milliardar. Og produksjonen er ikkje meir enn 2,5 milliardar personkilometer. Den vesle godstransporten NSB utfører dekkjer kostnadene sine.

Mo meiner at marknadsutsiktene til denne bussruta burde vera gode.

— Ruta går gjennom eit område med 1,5 millionar menneske. Bussen ville bruka 24 timar får Kristiansand til Trondheim. Eg tenkjer meg at folk må kunna reisa med ein fleksibel billett som er gyldig over fleire dagar. Då kan dei t.d. reisa frå Kristiansand, gå av i Bergen, vera der eit par dagar, og då reisa vidare mot Trondheim med same billetten, seier Idar Mo.