Det var i januar 2003 at hovudstyret i Advokatforeningen vedtok å klage advokat Thor-Erik Johansen inn for disiplinærutvalet. Påstanden var at han hadde brote dei etiske retningslinene.

Bakgrunnen var at han hadde levert dokument han hadde fått frå klienten sin, direktør Kari Breirem i advokatfirmaet BA-HR, til Økokrim.

Det var desse dokumenta som leidde til at Økokrim starta etterforskinga mot tidlegare helseminister Tore Tønne.

Saka endte med tiltale mot Tore Tønne og mot advokat Øyvind Eriksen i BA-HR for urett reknskapsføring.

Advokatforeningen stempla dokumentutforminga i BA-HR som kritikkverdig. Men BA-HR freista å redusere skadeverknaden då ein lykkast i å få Advokatforeningen til å reise disiplinærsak mot «bodbringaren», advokat Johansen.

Onsdag sette disiplinærutvalet for Oslo krets punktum for saka med å konkludere at Thor-Erik Johansen «har opptrådt forsvarlig». Han har ikkje overtrådt dei etiske reglane.

Får sjølv kritikk

Derimot må Advokatforeningen sjølv finne seg i kritikk:

Disiplinærutvalet «finner det noe underlig» at Advokatforeningen ikkje trekte tilbake skuldingane i klagen sin om at Johansen hadde brote teieplikta, etter den dokumentasjonen advokat Johansen la fram då han fekk høve til å uttale seg.

Vedtaket i Advokatforeningen vart fatta utan at Johansen var orientert om at saka var til drøfting og utan at han hadde fått høve til å uttale seg.

Juss-professor Carl August Fleischer har dømd Advokatforeningens handtering av saka nord og ned.

Det er juridiske tungvektarar i disiplinærutvalet som har behandla saka. Vedtaket er samrøystes. Leiar i utvalet, advokat Øyvind Østberg, er tidlegare byrettsdommar i Oslo. Han hadde med seg dei høgt respekterte advokatane Lars A. Christensen og Karl Wahl-Larsen.

— Gå av

Advokat Kjell Holden seier til Bergens Tidende at denne saka er ein katastrofe for Advokatforeningen og at saksbehandlinga har vore under einkvar kritikk.

— Heile hovudstyret bør nå stille plassane sine til disposisjon. Samstundes bør dei betale Thor Erik Johansen eit skikkeleg beløp i erstatning og oppreising for den urettmessige belastninga dei har påførd han. Så får hovudstyret vurdere om dei finn det rett at Advokatforeningen skal dekke beløpet, seier Holden.

Formannen i Advokatforeningen, Helge Aarseth, seier til Bergens Tidende at han ikkje har planar om å gå. Han har heller ikkje vurdert stillinga si. Derimot vil han ikkje kommentere om det er vurdert eller om det vil bli vurdert å betale erstatning til Johansen.

Aarseth seier at utfallet av saka viser at disiplinærordninga fungerer etter føremålet. Foreninga vil ikkje gå vidare med saka.

Han vedgår nå likevel overfor Bergens Tidende at saka «med fordel kunne vore handtert annleis frå starten av».