— Anten skal buksebeina vera heilt stramme og tronge nede eller «baggy». Framleis skal buksene vera slitne og vaska, fortel Hilde Kjønstad, merkevareinnkjøpar hos Bik Bok.

For tida kjem dongeribuksene ferdig slitne frå produsent med hol og målingsflekker på. Nokre er til og med vaska slik at dei skal sjå skitne ut - såkalla «dirty wash».

Dette må me leva med heilt til neste haust skal ein tru moteinnkjøparane.