KJERSTI MJØR

Studentane — særleg dei som har lang veg heim - protesterte, då regjeringa kutta all støtte til reisestipend i sitt framlegg til statsbudsjett tidlegare i haust. Men reisestipendet var ikkje historie.

I dag dukkar nemleg posten opp igjen i budsjettforliket mellom regjeringspartia og Framstegspartiet. Rett nok i halvert utgåve: Støtteordninga er redusert frå seksti millionar kroner til tretti millionar.

— Ei lita gladmelding, seier leiar Jørn A. Henriksen i Norsk Studentunion.

— Vi er sjølvsagt ikkje glade for at støtta er meir enn halvert. Likevel skal medlemmane i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen ha all ære for at dei no har tatt det ansvaret departementet ikkje tok, uttalar Henriksen til BT.

Gjennom omprioriteringar på vel 58 millionar kroner, er partia blitt samde om å styrke ei rekke budsjettposter, blant anna 21 millionar kroner til vidareføring av landslinene i vidaregåande skule.

Statsbudsjettet blir lagt fram i dag.