KJERSTI MJØR

Brystproteser, augnelokk, feittsuging og føflekkar er mest utbreidd innan kosmetisk plastikkirurgi i Noreg, viser den nye rapporten frå Helsetilsynet.

Dette er første gong omfanget av kosmetisk plastikkirurgi er kartlagd her til lands — altså, inngrep der kosmetiske, ikkje medisinske, omsyn er avgjerande. Rapporten er skriven av Helsetilsynet på oppdrag av Helsedepartementet.

Til saman har 44 private klinikkar og 24 offentlege helseføretak rapportert om plastikkirurgiske inngrep på pasientar under og over atten år.

Kvinnene i fleirtal

Sidan 2000 har talet på kosmetisk plastikkirugiske inngrep auka med kring fem prosent kvart år. Rapporten viser også at

  • det vart utført mellom 8000 og 9000 plastikkirugiske inngrep i 2003
  • nitti prosent vart utført på kvinner
  • nær halvparten av pasientane er kvinner og menn mellom tretti og femti år

Berre i fjor vart det utført knapt 7400 plastikkirurgiske inngrep her i landet. Av desse var kring 6380 kvinner og 750 menn. Her er dei mest vanlege inngrepa i 2003. Kvinner:

1. Brystproteser (31 prosent)

2. Feittsuging (15 prosent)

3. Augnelokk-plastikk (14 prosent)

Menn:

1. Føflekkar (28 prosent)

2. Augnelokk-plastikk (19 prosent)

3. Feittsuging (12)

Få under atten år

Klagesakene er få. I perioden 2000-2003 var det totalt meldt inn femten klager til Helsetilsynet. Av desse vart fem saker behandla ved Helsetilsynet i Hordaland.

Rapporten viser elles at kosmetisk kirurgi er lite utbreidd i gruppa under atten år. Berre 0,5 prosent av inngrepa i 2000-2003 vart utført på personar i denne aldersgruppa.

Samtlege var i alderen 14-18 år, og ifølgje rapporten hadde dei fleste inngrepa medisinske årsaker. Oftast dreide det seg om korreksjon av utståande øyrer, fjerning av føflekkar og andre hudforandringar.

MEST VANLEG: Brystoperasjonar er det mest vanlege inngrepet hos dei kosmetiske kirurgane. <p/>ARKIVFOTO: GIDSKE STARK