Det har han også fått aksept for i eige departement.

Men dette bygger på ei fundamental mistolking av regelverket.

Yttergrense

Avdelingsdirektør Emma Relling i Riksrevisjonen og ekspedisjonssjef Finn Melbø i Arbeids— og administrasjonsdepartementet opplyser begge til Bergens Tidende at satsen for middagsservering ikkje automatisk sprett opp i 880 kroner om middagen blir definert som «spesielt arrangement».

Å fråvike satsen på 215 kroner, er ikkje det same som at ein sats på 880 kroner er akseptabel, seier begge. 880 kroner er ei yttergrense, opplyser Melbø.

I etterkant, konfrontert med store overskridingar av grensesatsen, hevda Norman at regelverket ikkje galdt for han som statsråd. Det har han no gått tilbake på, etter at han i går vart innkalla på teppet hjå statsminister Kjell Magne Bondevik.

Refs frå Riksrevisjonen

Statens Personalhandbok har ingen retningsliner om kva som skal til for å definere ein middag som «spesielt arrangement» i tilknyting til møte. Det er heller ingen retningsliner som regulerer kor mange «spesielle arrangement» ei verksemd kan ha. Heller ikkje finst det reglar for kor mange «spesielle arrangement» ein kan ha i forhold til «vanlege arrangement».

No har Riksrevisjonen bede Administrasjonsdepartementet vurdere å innføre retningsliner i personalhandboka mellom anna for kva som er å rekne som «spesielle arrangement», opplyser Relling til BT.

Riksrevisjonen slo i vår ned på pengebruken til middagar i Administrasjonsdepartementet. Det vart påtala ei rekke brot på regelverket. I eit brev frå 9. mai, skriv Riksrevisjonen fylgjande:

«Vi regner for øvrig med at Arbeids- og adminsitrasjonsdepartementet vurderer eventuelle behov for å presisere regelverket».

Ingen reglar

— I dag er det opp til den øvste leiinga å vurdere og avgjere skjønsmessig korleis ein skal praktisere dette regelverket, seier ekspedisjonssjef Melbø.

— Står då ein statsråd heilt fritt i å definere alle middagar som «spesielle arrangement»?

— Det blir som sagt ei skjønsmessig vurdering. Det er som sagt ikkje gjeve reglar her, avdi vi har sett det som uråd å utforme generelle reglar på dette området. Det blir i tilfelle ei sak for den einskilde verksemda.

— Er det heilt greit om alle middagar blir definert som «spesielle arrangement»?

— Det har eg ingen kommentarar til, seier Melbø.