1. mai ba Riksrevisjonen Administrasjonsdepartementet tette eit mogeleg smotthol i regelverket for representasjon. Men departementet gjorde ikkje noko før midt i november.

Først etter at Bergens Tidende tok forholdet opp med Administrasjonsdepartementet 5. november, sendte departementet ut eit rundskriv for å presisere eit av punkta Riksrevisjonen hadde teke opp.

5. november hevda departementet at ein ikkje hadde forstått kva bodskapen frå Riksrevisjonen var.

I Bergens Tidende 6. november presiserte Riksrevisjonen bodskapen sin. 10. november gjekk rundskrivet ut frå departementet.

Riksrevisjonen slo alarm på bakgrunn av dei funn som var gjort av irregulær pengebruk til representasjon og velferdsutgifter i Administrasjonsdepartementet.

I og med at det har gått så lang tid før departementet reagerte på innspelet frå Riksrevisjonen, betyr det at heile 2003 går utan at nye og klargjerande reglar er på plass. Det vil kunne ha konsekvensar for Riksrevisjonen sitt arbeid med kritisk kontroll av pengebruken i 2003. Komiteen avventar nå svaret på brevet som komiteen sendte til statsminister Kjell Magne Bondevik for ei dryg veke sidan.

Statsministerens kontor har sendt saka vidare til Administrasjonsdepartementet. Departementet er bede om å gjennomgå regelverk, praksis og kontrollrutinar.