VIDAR YSTAD

Kripos-sjef Arne Huuse avviser rett nok overfor Bergens Tidende at dette er tilfelle, men dokumenta talar for seg.

Samstundes opplyser Huuse at Kripos gjennom fleire år har bede om fleire stillingar for å effektivisere kampen mot barnepornografi. Seinast i mai i år bad Kripos om seks nye stillingar til dette føremålet.

Justisdepartementet er «familiær med» og ikkje overraska over at Kripos nyttar ei slik sak for å skaffe seg meir ressursar.

Rassiaen mot 163 personar som var sikta i saka, vart gjennomførd 27. og 28. august. 29. august inviterte Kripos til pressekonferanse for å fortelje om rassiaen.

I dagane før rassiaen vart det utarbeidd fleire interne notat om såkalla mediestrategi. Her går det tydeleg fram at Kripos vil utnytte pornoaksjonen for alt han er verd. Her er fokus på behov for meir ressursar til Kripos.

«Ressurser. Ressurser»

I eitt av desse notata blir det framheva kva Kripos og Kripos-sjef Arne Huuse bør fortelje pressa:

«Alle disse sakene er brakt til vår kunnskap gjennom internasjonalt politisamarbeid. Hadde vi hatt de nødvendige ressurser kunne vi ha sporet saker selv. etc. Hadde vi hatt ressurser kunne vi kjørt denne aksjonen for et halvt år siden.»

Og vidare: «Oppdagelsesrisikoen er altfor liten når det gjelder denne typen virksomhet, fordi vi ikke har ressurser nok bla. bla. bla.»

Men det stoppar ikkje der. Notata argumenterer sterkt for å halde pressekonferanse på dag tre etter at startsignalet for rassiaen har gått.

Det heiter såleis:

«Det glade budskap»

«Dersom pressen mot formodning ikke har fått kjennskap til saken før dag 3 (torsdag 29. august):

Aksjonen er avsluttet og innen kl. 0800 vil Kripos ha fått fakset inn foreløpige resultat frå politidistriktene. Nå kontakter vi mediene og sprer det glade budskap.»

«Det glade budskap» er altså at vel 160 mannspersonar er sikta for straffbar omgang med barnepornografi, at det er gjennomførd ransaking og beslag mot alle.

Men kva resultatet av ransakinga og beslaget er, veit Kripos lite eller ingenting om på dette tidspunktet.

I vasken

Og medan ein i notata på førehand åtvarar sterkt mot lekkasjar for å hindre at aksjonen lek ut av omsyn til faren for at bevis skal gå tapt, er det tydelegvis ingen tanke for at bevis kan gå tapt etter at «det glade budskap» er spreidd.

Det har seg nemleg slik at politiet ikkje greidde å gjennomføre beslag i alle sakene, før pressekonferansen. Somme var ikkje heime då politiet kom på døra. Å gjere det etterpå rekna politiet som nyttelaust. Planen om å sikre bevis i desse sakene gjekk dermed i vasken.

Det einaste konkrete Kripos-sjefen kan opplyse om, er at det er funne barnepornografi som truleg er ulovleg. Han kan dessutan opplyse om at 90 av dei sikta har vedgått å ha hatt kontakt med barnepornografi som er beslaglagt. Tre personar er blitt varetektsfengsla.

«Flere uker»

Kripos sprer sitt «glade budskap» trass i at ein sjølv er klar over at «det kan ta flere uker før resultatene av aksjonen er brakt på det rene» som det heiter i eitt av notata.

Det skjer utan at eit veit om ein har fått «fast fisk», om ein har ei sak mot kvar og ein. Men naboane som har sett politiet aksjonere og bere ut pc-ar, veit kva dei har sett.

Kripos er også klar over at det er mange juridiske hinder ein skal over for å kunne produsere ei «sak» det vil seie ta ut tiltale. Ein vil kunne stå overfor bevisproblem, sjølv om det blir funne barneporno.

Data frå 1999

Etter det Bergens Tidende kjenner til, har politiet aksjonert på grunnlag av kredittkorttransaksjonar som skal vere gjennomførde i 1999. Kredittkorta er brukt minst tre gongar til å betale for barneporno via internett.

Då var straffevilkåra annleis enn i dag. Ei lovendring som skjerpa reglane, trådte i kraft i 2000. I 1999 var det ikkje straffbart å skaffe seg barnepornografi, slik det er i dag.

Eit anna problem kan vere at påtalemakta må prove at det er personen som er sikta, som sjølv har brukt kredittkortet sitt til å skaffe seg pornografien. Ein må eliminere moglege feilkjelder i form av andre personar.

Spørsmålet som då står att er: kvifor var det så viktig for Kripos «å fortelle det glade budskap» på dette tidspunktet om det ikkje var fordi det passa godt i høve til regjeringa sin innspurt med statsbudsjettet?