— Vi visste ikkje om erklæringane var urette. Men vi visste at vedkomande hadde nytta seg av erklæringar frå Herlofsen og Sandstrøm for å få endra soningsforholda, forklarte journalist Gøran Skaalmo i Oslo tingrett i går.

«Straffedømd» trong hjelp

Journalisten forklarte at han telefonisk hadde avtala møte med både Herlofsen og Sandstrøm. Han hadde i samtalane opplyst at han var straffedømd, at han hadde fått innkalling til soning, at det passa dårleg og at han trong hjelp.

På dette grunnlaget tok dei to, psykiateren og psykologen, imot den «straffedømde» til konferanse. Etter to-tre møte avgav begge erklæringar som skulle hjelpe den straffedømde «Gøran Skog» til utsetjing eller lempingar i soningsforholda.

Både Sandstrøm og Herlofsen hadde spurd om «Skog» hadde ei sjukehistorie. Han opplyste at det hadde han ikkje. Ingen av dei gjorde noka som helst undersøking av Skog. Herlofsen fokuserte på forholda for familien då han skreiv erklæringa si.

— Eg trur aldri Herlofsen spurde korleis eg hadde det, forklarte Skaalmo.

Gråten tok Herlofsen

Både Herlofsen og Sandstrøm avslutta forklaringane sine i går då dei vart utspurd av forsvararane sine, advokat Ole Petter Drevland og Tor Erling Staff.

Begge skildra i sterke ord det fallet dei er blitt utsett for som fylgje av denne saka.

Gråten tok Herlofsen sterkt då han fortalde om problema han og familien har opplevd.

— Eg hadde ein veldig meiningsfull jobb som eg ikkje har fått fullføre. Det har vore jævlig i forhold til familien, ungane mine. Det har vore ufatteleg tungt. Eg har følt at eg har fått ruinert mykje av det arbeidsmessige og organisatoriske, kom det tungt frå Herlofsen.

Samstundes sa han at han føler at Sandstrøm sitt liv er øydelagd på ein måte folk har vanskeleg for å forstå. Han fortalde at han hadde åtvara politiet om at Sandstrøm kunne vere suicidal.

Tok steg for å ta livet sitt

For endå meir tragisk var skildringa som Sandstrøm presenterte:

Han omtalte seg sjølv som arbeidsnarkoman som har hatt problem med å meistre fritid. Han har alltid praktisert ein open dørs politikk for klientar. Han har i lange periodar, lenge før denne saka dukka opp, slete med angst og depresjonar. Nå er han avskilta som psykolog utan å vere i stand til å arbeide.

Han fortalde at livet saknar meining og at han har følt sterk trong til å ta livet av seg.

Han opplyste at han også har gjort førebuingar: Han har skreve testamente og fordelt eigedelane han har lagra, mellom barna.

— Eg har gjort opp buet mitt, forklarte han.