— Du kan berre legga peikefingeren forsiktig nedpå der, seier Stine Birgitte Steine i SAS-skranka og kikkar opp på Jan Clausen framfor seg.

Se video fra Flesland Han pressar fingeren forsiktig ned på den vesle svarte fingeravtrykklesaren.

— Det er ikkje politi i nærleiken, vel? seier han og flirer.

Frivillig

I dag kan passasjerar i Bergen for første gong bruka fingeren når dei skal fly med SAS og senda bagasje. Fingeravtrykket, eller biometri som det heiter, erstattar prosessen med å visa legitimasjon ved utgangen. SAS slepp dermed unna med éin manuell passasjersjekk, og håpar å kunna spara passasjerane for tid både på innsjekk og ved utgangen til flyet.

— Folk slepp dermed å fikla i lommene etter bankkortet, seier stasjonssjef Oddmund Sylta.

Førebels gjeld ordninga berre SAS sine innanlands flyavgangar. Sylta understrekar at ordninga er frivillig og at fingeravtrykket ikkje blir lagra.

— Viss du for eksempel tar fly frå Bergen til Oslo, blir avtrykket ditt sletta etter at du har landa i Oslo, seier Sylta.

Bildet som blir tatt av fingeren ved utgangen, blir berre samanlikna med fingeravtrykket frå innsjekken.

30-40-åringar mest skeptiske

Vebjørn og Dagny Fagernes frå Lærdal skal på ferietur til Helsinki, og er positive til å bruka fingeren når dei flyg.

— Vanlegvis må ein jo visa legitimasjon heile tida, og det er bra om ein berre kan visa fingeren i staden. Særleg om det får ting til å gå fortare, seier Vebjørn Fagernes.

Han og kona er ikkje bekymra for personvernet.

— Me som ikkje har noko å skjula, treng ikkje uroa oss, seier dei.

Ifølgje stasjonssjefen er ordninga blitt godt mottatt blant passasjerane.

— Folk synest det er både artig og spennande, seier Sylta.

Servicemedarbeidar Stine Birgitte Steine stadfestar dette.

— Så langt har det berre vore to-tre personar som har sagt nei. Folk er overraskande uredde. Særleg dei eldre er positive. Dei mest skeptiske er folk i 30-40-årsalderen, seier Steine.

Pliktar å informera

Datatilsynet avslo først SAS sin søknad om å ta i bruk biometri, men personvernnemnda valde å omgjera vedtaket.

— I Datatilsynet har me ein sunn skepsis til bruk av biometri. To forhold forsvarer SAS sin bruk; det eine er at det gjeld alvorlege tryggleiksforhold og det andre er at det er frivillig. I tillegg er det sentralt at lagringstida er avgrensa og at det berre blir tatt bilde av delar av fingeren, seier Helge Veum, som er overingeniør i Datatilsynet.

Han understrekar at tilsynet forventar at SAS informerer dei reisande om kvifor dei gjer dette, og kvar og kor lenge opplysningane blir lagra. I tillegg skal dei reisande kunna krevja at personopplysningane om dei blir sletta.

Overingeniøren seier også at det er usikkert om biometri er sikrare enn manuell kontroll.

— Ein skal ikkje ha altfor stor tillit til biometrien. Det klassiske kappløpet mellom dei som utviklar tryggleiksverktøy og kriminelle er i gang også her, seier Veum.

REISER MED FINGEREN: Danske Jan Clausen er godt fornøgd med at han ikkje må visa legitimasjon i utgangen på innanriks SAS-fly.
Deisz, Ørjan
UTSTYRET: Denne svarte boksen memorerer fingeravtrykket ditt idet du legg fingeren på.
Deisz, Ørjan