Dette er eit klart brot på direktiv frå forsvarssjefen. Praksisen er også i beste fall på kollisjonskurs med Genève-konvensjonane.

Alt for eit år sidan slo generaladvokat Arne Willy Dahl alarm då han oppdaga korleis praksisen var under eit besøk i Afghanistan. Dahl fortel sjølv om dette til Bergens Tidende.

Saka får også eit etterspel i Stortinget. Kontrollkomiteen har alt stilt spørsmål ved om denne praksisen i eit brev som vart sendt i går. Brevet inneheld også ei rad andre spørsmål.

Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) seier at ho ikkje har hatt kjennskap til denne praksisen. Ho er nøgd med at Forsvaret sjølv har stoppa praksisen.

Klart direktiv

I eit direktiv frå mars 2004 er dette slege fast: «Sanitetspersonell kan når situasjonen krever det utrustes med håndvåpen og har når forutsetningene ellers ligger til rette for det rett til å bruke våpen i selvforsvar.»

Vidare står det: «Sanitetspersonell skal ikke beordres til væpnet vakt» .

Direktivet er underteikna av generalløytnant Svein Ivar Hansen som fungerande forsvarssjef.

Det er vanskeleg å oppfatte plasseringa av legar for å bemanne automatvåpen på militære køyretøy som anna enn væpna vakt.

Det vedgår pressetalsmannen ved Fellesoperativt Hovudkvarter (FOHK), oberstløytnant John Inge Øglænd. FOHK har det operative ansvaret for alle operasjonar Forsvaret har i utlandet.

Øglænd seier at FOHK først fekk kjennskap til praksisen i slutten av oktober i år:

— Vi reagerte straks og gav instruks om at praksisen skulle innstille omgåande. Den er ikkje i samsvar med regelverket og slik vi ønskjer det skal vere.

Øglænd kan ikkje seie noko om konsekvensar eller reaksjonar mot dei ansvarlege.

Slo alarm

Generaladvokat Arne Willy Dahl tok for om lag eit år sidan opp bruken av helsepersonell på militære køyretøy i Afghanistan. Det skjedde under eit opphald i landet.

Dahl opplyser at han sjølv observerte korleis ein sanitetsmann vart brukt og at han reagerte på det han såg.

— Vi drøfta dette på eit møte i Kabul same dagen eller dagen etter. Med på møtet var den dåverande leiinga for Norwegian Support Element ved flyplassen i Kabul og den juridiske rådgjevaren for den norske kontingentsjefen. Dei såg problema sjølve. Eg gjekk utan vidare ut frå at dette ville bli følgd opp.

— Dette er heilt ukjent for oss. Vi må undersøkje nærare kva som har skjedd, seier Øglænd.

Dahl seier at han ikkje vil påstå at praksisen er direkte i strid med Genève-konvensjonane. Der er det opna for at helsepersonell kan nytte handvåpen og gevær for å verne seg sjølv og pasientane. Han vil ikkje seie at dette gjer bruk av automatvåpen direkte forbode.

PÅ PATRULJE: Her patruljerar norske styrkar utanfor Mazar-i-Sharif i Nord-Aghanistan. Legar skal ikkje bemanne automatvåpen på militære kjøretøy. FOTO: HEIKO JUNGE, SCANPIX
Junge, Heiko
Generaladvokat Arne Willy Dahl
Åserud, Lise