• Når dei får slike folk inn, bør dei følgja dei betre opp. Drapsmaskinar skal ikkje gå laus på open gate, fortviler Sverre Rinde frå Leikanger.

LENA VERMEDAL

Eldstebroren Odd Rinde (55) blei livstruande skadd av fleire knivstikk mot mage og bryst i trikkedramaet i Oslo tysdag. Han ligg framleis på Ullevål universitetssjukehus med alvorlege skadar.

Meldinga kom som eit sjokk på familien.

— Odd var heime på ferie i tre veker. Eg sat her og prata med han måndagen. Han skulle på jobb i Oslo tysdag, så skjer dette. Det er heilt forferdeleg, seier Sverre Rinde.

Det var mor hans på snart 80 år som mottok meldinga om at eldstesonen var skada. Faren blir snart 97 år.

— Me frykta at Odd kom til å døy. Det var store skadar. Foreldra mine var i sjokk. Dei er godt opp i åra. Det skal godt gjerast å takla noko slikt, seier Sverre Rinde.

I følgje Rinde har broren vore gjennom to operasjonar, og han skulle opererast på nytt i går.

- Galskap!

Mest av alt er han oppteken av at knivdramaet i det heile kunne skje. At folk lovleg kan kjøpa knivar som er reine drapsvåpen, er for han uforståeleg.

— Når du ser den kniven, er det eit under at folk overlever. Ein byrjer å lura på korleis det kan vera lov å selja knivar til slike. Det er galskap!.

Rinde retter også flengjande kritikk mot samfunnet som ikkje tek betre vare på menneske i psykisk ubalanse.

— Det er noko galt med samfunnet vårt når drapsmaskinar kan gå laus på open gate.

Sverre er yngst i ein søskenflokk som tel fire brør og to systrer. Eldstebroren Odd skal overta familieheimen i Leikanger. Dramaet på trikken i Oslo har sjokkert folk i heimbygda.

— Eg har fått mange telefonar frå folk. Alle kjenner alle her. Standard melding frå dei som ringjer er at dei får sende slike folk ut av landet, seier han før han legg til at det er samfunnet det er noko galt med. Ikkje dei farga.

- Ikkje lenger livstruande

Trebarnsfaren Odd Rinde jobbar i Veidekke i Oslo. Han var på veg heim tysdag, då ein 40-år gammal somaliar gjekk amok med kniv på trikken.

Ein 23 år gammal mann mista livet og seks andre personar fekk knivskadar.

Då Bergens Tidende var i kontakt med Ullevål universitetssykehus i går formiddag, var tilstanden hans stabil.

— Han har framleis alvorlege skadar, men situasjonen er stabil. Det er ikkje livstruande lenger, seier Alf Bøhler, informasjonsrådgjevar ved Ullevål Universitetssykehus.

Avhør i neste veke

Politiet vil tidlegast avhøyra den 40 år gamle mannen som er sikta for trikkedrapet i slutten av neste veke.

— Han er til psykiatrisk behandling på Dikemark sykehus, seier politioverbetjent Finn Abrahamsen i Oslo politidistrikt til NTB. 40-åringen godtok torsdag å sitja fire veker i varetekt. Samstundes blei han overført til psykiatrisk behandling.