Saman med seks andre NKP-medlemer har Knut Erik Lindtner fått kniven på strupen etter vedtak i landsstyret. Landsstyret meiner dei sju er involvert i fraksjonsverksemd. Dei hadde alle fått 14 dagars frist til å uttale seg. Fristen er ute, men ingen av dei har svart, opplyser Tarald Braathen Ellingsen til Bergens Tidende. Han er nestleiar i NKP og leiar i Norges Kommunistiske Ungdomsforbund. 11. juni «fell øksa» i landsstyret i minipartiet.

«Fullstendig historielaus»

Ein av dei sju var tidlegare litt av ein «røystesankar» i Vadsø, der NKP sitt røystetal vart fleirdobla ved kommunevala i løpet av åtte år.

— Partileiinga har lagt seg på ei fullstendig historielaus line, på kollisjonskurs med det NKP har stått for i alle fall dei siste 35 åra, seier Knut Erik Lindtner (58) til Bergens Tidende. Han har ikkje tenkt å forsverge det han trur på.

Brotsverket dei sju blir skulda for, er å samarbeide med den nystifta rørsla «Bevegelsen for Sosialisme» BiS. Den såg dagens lys i Bergen etter at tre medlemer i Norges Kommunistiske Ungdomsforbund (NKU) i Bergen i fjor vart ekskludert frå organisasjonen sine.

Knut Erik Lindtner, er leiar i Nordland NKP og står som kontaktperson for BiS.

— Dette er heilt i tråd med einskapslina vår. Dette er ingen konkurrerande partiorganisasjon men eit samarbeidsforum, seier han til BT.

— Etter eksklusjonane forlet nesten alle medlemene i NKU i Bergen, organisasjonen, seier Knut Erik Lindtner.

Heilt usamd

Per Lothar Lindtner (55) som leier Vestlandske distrikt av NKP, er heilt usamd med broren. Han har likevel i det lengste vona å unngå ein open, opprivande strid. Han og partilaget hans gjekk i si tid mot å ekskludere dei tre NKU'arane i Bergen.

Han meiner det ikkje er tvil om at ein her står overfor fraksjonsverksemd:

— Dei overførde midlane som fanst i laget, pengar og maskinar, til den nye organisasjonen. Då er det fraksjonsverksemd. Eg er 100 prosent sikker på at den nye organisasjonen vart planlagd før eksklusjonen vart gjennomførd, legg han til.

Han strekar overfor Bergens Tidende under at dei tre ikkje er ekskludert frå partiet - berre frå ungdomsorganisasjonen.

Intrigar og skjellsord

Før eksklusjonane raste det ein hissig debatt via internett der skjellsorda hagla. Mykje av innhaldet hadde lite med politikk å gjere, ifylgje Per Lothar Lindtner.

Per Lothar Lindtner var i 10 år, frå 1991 til 2001 medlem av sentralstyret i partiet. Dei siste åtte åra var han leiar.

— Eg trekte meg på grunn av «intrigar, dårleg kultur og maktkamp» som eg fekk nok av, seier han til BT. Han sit framleis i landsstyret. Tre av forgjengarane hans som partileiar, Hans I. Kleven, Kåre André Nilsen og Yngve Iversen, er alle i dag ute av NKP.

Det er vanskeleg å få heilt taket på innhaldet i konflikten og kva motsetningane kjem av.

Stalin eller Trotskij

Per Lothar Lindtner meiner det er ideologiske overtonar med harde diskusjonar mellom nye, unge medlemer om kven som er helt eller skurk: Stalin eller Trotskij.

— Mitt alternativ er at korkje Stalin eller Trotskij er helten. Vi er i Noreg i 2003 og står overfor heilt andre utfordringar enn dei to gamle partileiarane kan gje svar på.

Demokratisk sentralisme, eller at mindretalet må bøye seg for fleirtalet, er eit overordna spørsmål i striden som nå rasar. Per Lothar Lindtner meiner alle parti og organisasjonar fylgjer dette prinsippet.