Dette er resultat av ein delegasjonstur som LO i Noreg gjennomførde til Sellafield denne veka.

— Under møta våre var det semje om at det er heilt naudsynt å gjere noko med problema straks, med bakgrunn i den argumentasjonen og dokumentasjonen vi la fram, seier LO-sekretær Trine Lise Sundnes. Etter møta vart det underteikna ein felles avtale som slår fast at det er semje mellom LO, britisk LO (TUC) og fagforeininga på Sellafield.

— Dette er svært viktig og uhyre gledeleg, seier statssekretær Gunnar Kvassheim (V) ved statsministerens kontor til Bergens Tidende.

— Eg er imponert dersom LO har fått dette til. Det inneber nemleg at det har skjedd eit taktskifte og ei endra haldning i Sellafield i løpet av eit halvt år, seier Kvassheim.

Kvassheim trur Storbritannia er nå er interessert i å redusere konflikten så langt råd er, før Nordsjøkonferansen i Bergen i mars.