— At det skulle skje så fort, trudde vi ikkje gjekk an, seier breforskar Atle Nesje.

Han står på moreneryggen som fortel kvar breen låg i 1997. Då var brefronten eit nesten 30 meter høgt massiv. Isen dekka det aller meste av vatnet framfor breen. No ligg heile innsjøen open, berre ein og annan isklump driv med straum og vind. I andre enden, ein halv kilometer unna, når brearmen så vidt i vatnet.

— Dei veldige endringane dei siste åra viser kor vare desse breane er for klimaendringar, forklarar professoren ved Institutt for geoteknikk ved Universitetet i Bergen. 16 studentar lyttar nøye. Neste år skal dei ta til på mastergradstudium.

Breen sveittar

Nordfjord kokar. Alt tidleg på morgonen har kvikksølvet i gradestokken lagt 20-merket godt bak seg. Cruiseskipet «Deutschland» klappar til kai i Olden. Ute på fjorden ligg eit nytt på vent. Første busslastene med reisande er alt frakta innover Oldedalen.

— Her låg breen for 10.000 år sidan, fortel Atle Nesje. Vi står på verandaen til Briksdalsbre Fjellstove. Saman med kollega Svein Olaf Dahl ved Institutt for geografi skal han ta studentane med på ei fleire kilometer lang vandring i norsk brehistorie, til dit breen ligg i dag. Ingen brearm i landet er så godt dokumentert som Briksdalsbreen.

Tyske turistar med tunge kamera på magen traskar i veg mot ein av dei største turistattraksjonane i landet. Sveitteperlene står i panna. Men det er ikkje berre folka som sveittar i sommarvarmen. Breen gjer det same.

Den vesle istida

Mange motbakkar seinare er det pause ved Kleivane. I vestenden av Briksdalen stuper Vålefossen rett ut frå Flatbreen. Vi er halve vegen til brefallet i andre enden av dalføret.

— Hit nådde breen i 1750-1760, den perioden vi kallar den vesle istida. Sannsynlegvis hang brefronten utover kanten vi no står på. Ein av grunnane til at vi kan vite det, er typen lav vi har i dette området. Kva heiter det?, spør Nesje.

— Kartlav, kjem det raskt frå ein av studentane.

Åra midt på 1700-talet var naudår i bygdene under Jostedalsbreen. Temperaturen var langt lågare enn i dag. Isen la seg så langt fram at dyrka mark blei øydelagt. Folket svalt.

Deretter dreg Nesje historia om amerikanaren som stod i to timar og studerte Vålefossen. Til slutt spurde Nesje om det var noko gale. Nei, det var det ikkje, forsikra turisten. Men om breforskaren kunne svare på eit spørsmål:

— When is it empty?

107 vardar

Breforskaren måtte forklare at fossen nok aldri ville gå tom og forsvinne. Derimot tyder nyare forsking på at Jostedalsbreen var vekke i ein periode på kring 1500 år.

— Vi veit at frå rundt år 7400 f. Kr. og framover var sommartemperaturane ein god del høgare enn no, sannsynlegvis kring to grader. I same periode var vinternedbøren liten, slik at vi no meiner heile breen smelta.

Ved skiltet som viser kvar brefronten låg rundt 1800-talet, viser Nesje eit av dei eldste fotografia av breen, teke av bergensfotografen Knud Knudsen i 1870. Det mest unike med dokumentasjonen over korleis Briksdalsbreen har endra seg, skuldast arbeidet til geologen John Bernhard Rekstad. Rundt år 1900 tok han til å setje opp små vardar for å markere brefronten.

— 107 vardar viser korleis breen har vandra seg frå år til år. Dette gjer at vi her frå Briksdalen har unike kontinuerlege data for ein brearm.

Berre på bilete

Anca Munteanu knipsar eine biletet etter det andre. Minnekortet må snart vere fullt, meiner dei to professorane om den rumenske kvinna. Ho har kome eins ærend for å vere med på den 11 dagar lange feltturen gjennom norsk geologi og geografi.

— Dette er veldig interessant. Vi har ikkje brear i Romania. Vi hadde i Karpatane, mein dei smelta vekk for kring 10.000 år sidan, fortel doktorgradstudenten.

— Alt er heilt nytt for meg. Dette er eit heilt anna landskap enn det eg er van med heime. Eg har berre sett slikt på bilete. Å få oppleve det er veldig viktig for arbeidet mitt heime.

Nedbør og temperatur

Atle Nesje forklarar at utviklinga av vestlandsbreane heng saman med vinternedbør og sommartemperatur. Dette gjer breane i vest unike. For så godt som alle andre stader, også i Jotunheimen, er sommartemperaturen viktigast. Veldige nedbørsmengder fleire vintrar på rad på 90-talet gjorde at vestlandsbreane la på seg. Seinare har vinternedbøren minka og somrane blitt varmare. Resultatet er ein veldig tilbakegang.

— I år har vi så langt hatt eit klima som minner om det klimaforskarane meiner vil kome. Nedbørsrike, milde vintrar og varme sommarmånader.

Nesje har tidlegare sagt at dei veldige snømengdene som har falle på Jostedalsbreen i vinter, kan føre til vekst. No er han meir usikker:

— Held det fram med denne varmen, kan heile «inntekta» frå i vinter smelte.

Breane har alltid variert. Det spesielle no er kor fort siste syklusen har gått, forklarar dei to professorane ved den ti år gamle morenekanten.

— På 30 år har vi vore gjennom ei heil syklus. Vi trudde ikkje det kunne skje så fort, seier Svein Olaf Dahl.

Øystein Torheim
Øystein Torheim
Øystein Torheim
Øystein Torheim