Dette er resultatet etter to dagars møte i styret og landsrådet i Redningsselskapet. Engasjementet av Brevik og ikkje minst det høge honoraret, har skapt mykje strid og sviktande oppslutnad internt i Redningsselskapet.

Eit av dei meir taletrengde medlemene av landsrådet, Marie Kleppa frå Rogaland, hadde før møtet teke til orde for å sparke ut att den innleigde generalsekretæren, Kjell Brevik.

Billig?

Men dette standpunktet vart ho, etter det Bergens Tidende får opplyst, ståande åleine om. Brevik held fram, men han har etter forhandlingar gått med på å redusere honoraret som Redningsselskapet betalar til firmaet hans.

— Etter den avtalen som nå er inngått med Brevik har Redningsselskapet truleg aldri hatt ein generalsekretær som har vore så billig for Redningsselskapet, seier styreleiar og president, Lars Hellandsjø.

Leiaren i landsrådet, Niels Christian Bang, seier til Bergens Tidende at det er semje mellom styret og landsrådet om at Brevik skal halde fram til ny generalsekretær er på plass. Det skal likevel ikkje vare ut over landsmøtet i Redningsselskapet i slutten av mai. Bang kan ikkje opplyse kva honorar Brevik nå vil få.

Landsrådet og styret er samde om at den eksterne granskinga av Redningsselskapet skal halde fram. Granskinga blir leia av sorenskrivar Stein Husby.

To frå Hordaland

Til møtet i landsrådet torsdag reiste både leiaren, Knut Miland, og nestleiaren, Finn Liland, i distriktsstyret i Hordaland.

Etter det Bergens Tidende får opplyst var begge med på møtet torsdag som var av meir uformell karakter sidan det var eit sammøte mellom styret og landsrådet. Men i møtet i landsrådet fredag vart Liland nekta å vere med og sendt på dør.

— Berre dei som var valde representantar til landsrådet, var med på møtet, seier Bang.

Finn Liland stadfester overfor Bergens Tidende at det i går føremiddag vart gjort klart at han ikkje fekk møte som representant frå Hordaland trass i at distriktsstyret hadde gjort vedtak om at han skulle møte.

— Det inneber at styrefleirtalet i Hordaland ikkje blir høyrt, seier Liland.

Liland opplyser at avgjerda om å stenge han ute, bygde på ei tolking av vedtektene i Redningsselskapet. Fristen for å fremje framlegg om vedtektsendringar gjekk ut 31. januar. Eit slikt framlegg kan difor først bli behandla på neste landsmøte, om to og eit halvt år.

Det er årsmøte i distriktslaget i Hordaland i slutten av mars. Det er duka for oppgjer på dette møtet.