Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene tek dermed opp att saka som vart avslutta for fire år sidan.

Det har aldri tidlegare skjedd at Kontrollutvalet (EOS-utvalet) tek opp att ei sak på denne måten, opplyser sekretariatsleiar Hakon Huus-Hansen.

Usakleg oppsagd

Historia starta i 1999 da avdelingsdirektør Owe Ellingsen i Forsvaret vart fråteken tryggingsklareringa si og miste som følgje av det, jobben.

Han gjekk til sak mot staten og vann i tingretten i april 2002. Oppseiinga vart kjent ugyldig. Staten anka men trekte seinare anken etter at statsråd Devold først hadde uttala at dommen ikkje var til å leve med for Forsvaret. Dommen vart deretter rettskraftig.

Etter dommen og eit seinare rettsforlik, fekk Ellingsen rett til å få tilbake jobben som avdelingsdirektør på same nivå. Det måtte forsvarsleiinga ytterst motviljug, akseptere.

Sidan har forsvarsleiinga gjennom diverse omorganiseringar søkt å køyre Ellingsen ut over sidelina, meiner han.

Sterk motstand

I eitt og eit halvt år har forsvarsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen hatt ansvaret for å oppfylle den rettskraftige dommen.

Saka «arva» Strøm-Erichsen frå forgjengaren, Kristin Krohn Devold.

Den sannsynlege forklaringa på at saka ikkje er ute av verda, er prestisje og engasjement hjå sentrale embetsmenn i departementet og forsvarsleiinga, som har vore involvert i saka tidlegare, meiner fleire. Blant dei visepresidenten på Stortinget, Carl I. Hagen.

— Eg opplever behandlinga av meg som ei rein rettsfornekting og som ein obstruksjon mot Stortinget, seier avdelingsdirektør Owe Ellingsen sjølv.

— Bakgrunnen for at vi no tek saka opp att, er at Ellingsen har vendt seg til utvalet på nytt. Han er oppgitt over det han opplever som manglande vilje og rein trenering frå Forsvaret og departementet si side når det gjeld å oppfylle dom og rettsforlik, seier sekretariatsleiar Håkon Huus-Hansen.

Både Arbeidstilsynet og Trygdeetaten, som har gått tungt inn i saka, har retta alvorleg kritikk mot Forsvaret for den behandlinga Ellingsen er blitt utsett for.

BT er også kjent med at det internt i Forsvaret har det vore sterke reaksjonar mot manglande vilje til å få saka ut av verda.

Saka har fire gongar vore oppe til plenumsbehandling i Stortinget som tre gongar retta sterk kritikk mot dåverande forsvarsminister Kristin Krohn Devold. Ho fekk pålegg, og lova å rydde opp. Det skjedde aldri.

- Svake politikarar

— Det er veldig bra at EOS-utvalet no tek opp denne saka igjen, seier Carl I. Hagen, (Frp).

Han meiner det ufatteleg at ikkje dei ansvarlege politikarane har sørga for å få denne saka ut av verda for lenge sidan.

— Forklaringa på at det ikkje har skjedd, kan ikkje vere anna enn at vi har svake politikarar og regjeringar som ikkje greier å skjære igjennom overfor eit byråkrati som har den haldninga at «vi gjer aldri feil».

— I saker som dette, der det er gjort feil, har ikkje staten anna å gjere enn å be om orsaking, løyve pengar og betale ut i erstatning og oppreising, seier Hagen.

Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen seier at ho diverre ikkje kan kommentere denne saka spesielt.

— Men generelt vil eg seie at personell alltid skal behandlast på ein respektfull og menneskeleg måte, seier Strøm-Erichsen.