– Ja, absolutt. Talen inneber at vi må gå inn på alle samfunnsområde og sjå kva som gjev størst effekt, seier ordførarkandidat og landsmøteutsending Ruth Grung.

Dei vil nytte høve på landsmøtet til å starte kampen for nye, statlege løyvingar til bybanen.

– Vi må vekk frå symbolpolitikken og over på det konkrete, seier Grung.

Ho meiner òg staten bør auke løyvingane både til investeringar og drift, i høve til den bybanen som allereie er vedteke. Den er ein del av Bergensprogrammet, der staten betalar 40 prosent av utbygginga. Resten betalar bilistane i bompengar.

Grung ser for seg at det kan kome noko til ei utviding av bybanen allereie i revidert nasjonalbudsjett no i vår. Eller i statsbudsjettet til hausten.