Jostedalsbreen har lagt på seg. Både i 2007 og 2008 vaks ismassane på den største breen i landet.

Det kjem fram i årsmeldinga for Jostedalsbreen nasjonalpark at den samla ismassen på breen aukar.

— På meg kom dette overraskande, seier Tom Dybwad, sakshandsamar for Jostedalsbreen nasjonalpark hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Tok tilbake det tapte Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) utfører kvart år glasiologiske, hydrologiske og meteorologiske målingar på tolv brefelt over heile landet.

Undersøkingane viser at dei fleste norske brearmane har trekt seg kraftig tilbake siste tiåret. Eitt av åra med størst smelting var 2006.

Men så snudde det. Både i 2007 og 2008 auka samla ismengda i dei norske breane. I 2008 la åtte av tolv undersøkte breområde på seg. Året før vaks ni av tolv. Veksten er så stor at breane no nesten er tilbake på nivået før rekordsmeltinga i 2006.

— Variasjonen kan vere stor frå år til år. 2007 og 2008 var år med mykje snø, og dei store mengdene vinternedbør er viktigaste forklaringa til at breane vaks, seier Hallgeir Elvehøy, glasiolog i NVE.

Kystnære brear Av dei to målepunkta på Jostedalsbreen vaks Nigardsbreen klart mest. Både i 2007 og 2008 hadde breområdet ved Jostedalen ein tilvekst av masse tilsvarande godt over 50 millionar kubikkmeter vatn.

For Austdalsbreen, som ligg lenger nord og lågare, var veksten kring ein million kubikkmeter.

— Nigardsbreen ligg høgt, og det er difor ikkje så overraskande at det i slike år blir vekst. Når det gjeld Austdalsbreen, er det noko meir uventa, seier Elvehøy.

Ifølgje NVE var det først og fremst dei kystnære breane som la på seg. Elvehøy viser til Ålfotbreen i Nordfjord og Hardangerjøkulen som breområde med god vekst. Målingar frå Breidablikkbrea på Folgefonna viser at denne heldt seg stabil.

— Derimot ser vi ikkje det same for breane lenger inne i landet, eksempelvis i Jotunheimen. Forklaringa er at innlandsbreane fekk mindre snø enn dei som ligg nærare kysten.

Ny framgang? Etter kraftig framrykking av fleire norske brearmar på 1990-talet, snudde det med dei i hovudsak milde vintrane før tusenårs- skiftet. Ein av dei største norske turistattraksjonane, Briksdalsbreen i Stryn, har siste tiåret trekt seg tilbake heile 350 meter. Nigardsbreen har gått tilbake kring 50 meter sidan år 2000.

Dei siste par åra har tilbaketrekkinga bremsa opp. Målingar frå 2008 viser at enkelte brearmar gjekk fram, mellom dei er begge breane i Fjærland, Bøyabreen og Supphellebreen.

Seinare i vinter vil NVE vere klar med tala for 2009. Dersom utviklinga med vekst i ismassane på breplatåa held fram, vil det om nokre år bli ein ny periode med framrykking av brearmane.

— No ser vi ein svært kald vinter med lite nedbør. Korleis vil det slå ut?

— Vinteren vi har no minner ein god del om 2006, kald og med lite nedbør. Deretter kom ein varm sommar. Resultatet var stor smelting. Så langt i vinter har det vore lite nedbør. Dersom vi ikkje får meir, vil gammal snø og is raskt kome fram og smelte. 2010 kan då bli eit år med tilbakegang, seier Hallgeir Elvehøy.

ISDANS: I fjor sommar var Nigardsbreen kulisse for ballettdansarar. Det er ingen fare for at scena smeltar bort viser nye målingar. Foto: Oddleiv Apneseth