På dei tre siste åra har Noregs mest kjende bre mist innpå 40 meter.

Breforskar Atle Nesje på Universitetet i Bergen ser nesten vonbroten ut når han fortel dette til Bergens Tidende. Og vi skjønar han. Ingen breforskarar likar at det dei forskar på langsomt vert borte. Sjølvsagt er mest interessant at ein bre veks og skubbar seg framover.

Vi mistenkjer likevel ikkje Atle Nesje for å ynskja tilstandar som under den vesle istida tidleg på 1700-talet. Då velta mange brear seg fram og la under seg både hus og gardar. Myklebustbreen slengde isblokker ned i Oldedalen og drap både folk og fe.

Sjeldant fenomen

Men Atle Nesje, som er professor i geologi på Universitetet i Bergen, og dessutan frå Olden, har i lengre tid hatt gleda av å studera eit fenomen som berre elles er å finna i Alaska og på New Zealand:

— Nemleg at breane på Vestlandet vert både høgare, breiare og lengre, trass i den globale oppvarminga.

— At breane veks, skuldast at nedbørsmengdene om vinteren auka sterkt på slutten av 80-talet og framover på 90-talet. Etter kvart som klimaet vert varmare, vil auken i vinternedbøren berre halda fram, særleg på Vestlandet. Men med den temperaurauken som er spådd, 2 til 5 grader på 100 år, vil vinternedbøren framleis falla som snø over breområda våre. Og så lenge nedbøren om vinteren er større enn bortsmeltinga om sommaren, vil breane veksa, seier Atle Nesje.

— Dette syner at klimaet kan ha regionale utslag som overstyrer den globale oppvarminga, seier Nesje.

600 meter fram

Dette førde til at Briksdalsbreen gjekk 600 meter framover frå 1955 til 1997. På midten av 80-talet nådde breen så vidt ned i vatnet ved brefoten. No fyller bretunga opp heile bassenget med ismassar. I nokre få år har heile vatnet lege under isen, men no er litt av det kome til syne att.

— Vi kan sjølvsagt ikkje venta at tilhøvet mellom vinternedbøren og sommarvarmen held seg konstant år ut og år inn. Det har det aldri vore før heller. For to vintrar sidan var det lite nedbør og ein heller normal sommar. Då minka breen. I fjor var det inga endring. Sist vinter kom det svært mykje nedbør, men då fekk vi og den ekstreme varmen siste halvdelen av sommaren som smelta bort vinternedbøren og endå meir til, forklarar Nesje.

— Og korleis vil det gå neste år?

— Det veit vi ingen ting om. Vi må berre venta og sjå.