— Status for 2010 er at av 31 brear med faste målingar, har 27 drege seg attende. Ein bre er uendra, medan tre brear har gått fram, opplyser professor i kvartærgeologi ved Universitetet i Bergen, Atle Nesje.

Den største tilbakegangen hadde Bødalsbreen i Stryn med 65 meter, Steindalsbreen i Lyngen med 40 meter og Nigardsbreen i Luster med 39 meter. Nesje opplyser at tilbakegangen er om lag som i 2008 og 2009.

Den breen som er lettast å nå frå Bergen, Midtdalsbreen på Hardangerjøkulen ved Finse, har gått tilbake 34 meter.

På sørsida av jøkulen har Rembesdalsskåka minka 14 meter, men heile 343 meter sidan 1997.

Vinteren har skulda

Atle Nesje seier at vinterveret i 2010 er viktigaste årsaka til den store tilbakegangen. Folk langs kysten av Vestlandet stussar kanskje litt når vi snakkar om snøfattig vinter. Men vinteren 2010 var slik at «all» snøen fall på kysten, medan indre strok med fjella fekk lite.

— Då sommaren kom, hadde breane lite snø å gå på. Blåisen kom fram nesten med ein gong og tok til å smelta, seier Atle Nesje.

- Og med ein slik vinter til?

— Då vert det ille, svarar han.

Briksdalsbreen fram

To av breane som har gått fram, er Briksdalsbreen i Olden og Supphellebreen i Fjærland. Nesje forklarar det med store mengder nedbør som fall på Jostedalsbreen i 2006 og 2007. Det skapte eit forsterka press nedover. Dei to nemnde breane er kjende for å ha kort reaksjonstid på endringar, og har såleis gått litt framover.

Nigardsbreen strekkjer seg lenger framover, og treng difor lengre tid på å reagera på auka nedbørsmengder. Av den grunn kan Nigardsbreen endå smelta litt meir attende før han merkar presset frå toppen og sig framover att.

Folgefonna vert mindre

Rundt Folgefonna har fire av fem målte brear hatt tilbakegang. Bondhusbrea i Kvinnherad og Buerbreen i Odda gjekk tilbake 28 meter. Bondhusbrea har trekt seg tilbake 325 meter sidan 1996 då det siste breframstøyten stoppa opp, medan Buerbreen har smelta tilbake 255 meter sidan 1998. Buerbreen og Bondhusbrea var om lag 775 meter lengre då frontmålingane starta i 1900 og 1902.

Kva er ditt inntrykk av isbreane? Sei di meining i kommentarfeltet nedafor?