Statsrådar som tek imot gåver i utlandet, pliktar å overlate gåva til den norske ambassaden. Statsråden kan ikkje sjølv ta med gåvene. Denne regelen vart innførd i 2003 for å hindre problem med tollklarering og momsbehandling ved innførsel av gåver.

Ambassaden har så ansvar for heimsending av gåvene via tollvesenet. Dette gjeld alle gåver, uansett verdi.

Etter det Bergens Tidende forstår, skal både Støre og Strøm-Erichsen likevel ha frakta med seg teppe heim frå Afghanistan i eigen bagasje. Vurderinga skal ha vore at teppa ikkje hadde særleg verdi. Prosedyrane for heimsending av gåver via ambassaden vart difor ikkje følgde.

Teppe, klokke og smykke

VG fortalde i går at utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) og helse— og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) i si tid som forsvarsminister, tok imot og tok heim fleire verdifulle gåver.

I hovudsak er det snakk om teppe frå Afghanistan taksert til fleire titusenar av kroner.

Ifølgje Forsvarsdepartementet har Strøm-Erichsen motteke og teke heim, tre teppe taksert til 48.000 kroner, ei klokke taksert til 7375 kroner og eit smykkesett taksert til 5900 kroner.

Støre skal ifølgje UD sine opplysningar ha motteke fem teppe som han har teke med seg heim, taksert til 20.000 kroner.

Eit springande punkt for avgiftsvurderinga er taksten. Kven har utførd taksten og når og korleis har det skjedd.

BT har stilt spørsmål om dette både til FD og UD utan å ha fått svar.

Departementa kunne i går ikkje opplyse korleis gåvene er frakta inn i landet, om dei er tollbehandla og om det er betalt moms. Forsvarsdepartementet seier at regelverket for desse gåvene er følgd og at verdien er oppgjeven til likningsvesenet.

Sjølv ville statsråd Strøm-Erichsen ikkje uttale seg til Bergens Tidende om saka.

**Les også:

— Uklokt å motta gaver**

Tok med elefanttenner

Reglane som gjeld no blei innførd etter at statsminister Kjell Magne Bondevik hamna «i klisteret» på tampen av Bondevik I-regjeringa i 2000. Då tok han med heim to elefanttenner han hadde fått i gåve under eit statsbesøk i Nigeria. Det resulterte også i at han vart sett under etterforsking. Då var det ikkje verdien, men det faktumet at elfenbein er ulovleg å innføre til Noreg, som slo inn. Saka vart lagd vekk av politiet.

Saka resulterte i at regjeringa frå 1. januar 2003 innførde eit nytt regelverk for handtering av gåver norske statsrådar tek imot i utlandet.

Frå dette tidspunktet vart regelen at slike gåver skal overlatast til ambassaden. Statsråden kan ikkje ta med seg gåver som reisegods, uansett verdi.

Var det dumt av Strøm-Erichsen å ta imot gavene?