VIDAR YSTADOslo

Dette meiner advokat Gunnar Solbraa å kunne fastslå på grunnlag av opplysningar han nå har fått av Bergens Tidende. Konklusjonen er trekt ved å samanhalde behandlinga av Beheim Karlsen-saka med skriftlege direktiv frå Riksadvokaten.

Strenge krav Riksadvokaten har gjennom fleire år stilt strenge krav til behandlinga av saker som gjeld brot på rasismeparagrafane. Behandlingsprosedyrane er ytterlegare innskjerpa gjennom rundskriv som gjekk ut onsdag i denne veka.For å kunne legge vekk slike saker har Riksadvokaten kravd "at det er foretatt en etterforsking som både viser, og gjør det mulig å etterprøve, om straffbarhetsvilkårene er oppfylt." Dette uttalte Riksadvokaten i rundskriv til statsadvokatane i 1999.Både i 1999 og året etter uttala han i rundskriv til statsadvokatane at saker om brot på rasismeparagrafane 135a og 349a skal etterforskast grundig. "Med mindre det klart framgår av anmeldelsen at forholdet ikke er straffbart, skal henleggelse ikke besluttes før det er foretatt en etterforsking som viser, og gjør det mulig å etterprøve, om straffbarhetsvilkårene er oppfylt" heiter det i rundskrivet frå år 2000.

— Ikkje brydd seg om - For meg står det temmeleg klart at politi og underordna påtalemakt ikkje har brydd seg om og fylgt desse retningslinene frå Riksadvokaten.Det seier advokat Gunnar Solbraa til Bergens Tidende etter at vi har orientert han om rundskriva frå Riksadvokaten.Solbraa viser til at klagen hans om brot på rasismepargrafen, frå i fjor vår, vart langt vekk av politi og statsadvokat utan etterforsking.Ein ny klage frå Solbraa førde heller ikkje fram.- Det er tydeleg at politi og påtalemakt må ha dette inn med teskeier. Det er tydeleg at politiet ikkje tenkjer i slike banar som å sjå saker i lys av rasismeparagrafane, seier Solbraa. Han legg til at det i etterforskingsdokumenta ligg opplysningar om at den eine av dei to som er tiltala som klart viser eit rasistisk handlingsmønster. Forutan fleire tilfelle av sjikane mot Arve, gjeld det eit overfall på ein annan innvandrar og trakassaert ein tredje innvandrar.

Ny etterforsking I går opplyste førstestatsadvokat Jan Hoel at han onsdag gav ordre om ny etterforsking med tanke på bruk av rasismeparagrafen.Det er vener av avlidne Arve Beheim Karlsen som nå skal avhøyrast av politiet i Sogn.Deira forklaring blir avgjerande for om rasismeparagrafen blir teken i bruk.Dette opplyser politiinspektør Ronny Iden ved Sogn politidistrikt til Bergens Tidende.