VIDAR YSTAD vidar.ystad@bt.noOslo

I nesten halvannan time vart Knudsen bombardert i stortingssalen med kritikk. Det vart kravd at ho måtte orsake utsegnene sine til Aftenposten om konsernsjef Tormod Hermansen i Telenor.

Til Aftenposten torsdag uttala Knudsen at han treng vaksenopplæring.

Ekstremt hardkøyr Det var runde på runde med spørsmål og fordøming av utsegnene hennar. Ikkje mindre enn tre parlamentariske leiarar var heile tida i salen og stilte Knudsen til veggs: Kjell Magne Bondevik, Odd Roger Enoksen og Lars Sponheim.

Ho vart skulda for å ha svekka konsernsjefen, Telenor økonomisk og dermed verdiane til det norske folket. Ho vart også skulda for å ha gjort det vanskelegare å finne ny styreleiar til Telenor, ved å ha grepe inn i noko som er styret sitt ansvar.

— Statsråden held på å undergrave heile grunnlaget for statleg eigarskap i det heile. Utan at ho går i rette med seg sjølv, er det tvil om kven som treng vaksenopplæring, hamra Jon Lilletun frå KrF.

Knudsen forsvarte seg med at "spelereglane og køyrereglane ikkje var fylgd" ved at Telenor-sjefen hadde reist eit kapitalspørsmål i stortingskomiteen utan at det var teke opp korkje i styret eller med departementet.

Opseth knalla til Opptakten til debatten vart verst mogeleg for Knudsen. Det sytte partifelle Kjell Opseth for gjennom innlegget sitt som saksordførar. Han hadde "forbanna seg på" at sanninga skulle fram.

Opseth gjorde det klart at det var han som hadde reist spørsmålet om å tilføre Telenor meir eigenkapital.

— Eg tok spørsmålet opp både med departementet og Telenor. Det gjorde eg for å gje selskapet større handlefridom til strategiske tilpassingar.

— Eg fekk ikkje noko negativ tilbakemelding frå departementet. Telenor si tilbakemelding kom, som naturleg var, under høyringa i komiteen, sa Opseth.Statsråd Knudsen kommenterte ikkje Opseth sitt innlegg med eit ord.

Etterpå sa ho til Bergens Tidende at ho og departementet først vart kontakta av Opseth gjennom ein telefon frå Opseth til henne like før ho sjølv skulle møte til høyring i stortingskomiteen.

Opseth seier til Bergens Tidende at dette ikkje er rett. Men han avslår å fortelje kva han meiner er rett.

Forløysande ord Til sist måtte Knudsen gå på talarstolen og seie dei forløysande orda: "eg kan godt seie at dette burde vore sagt i det stille rom - ikkje offentleg".

Til BT seier Knudsen at ho aldri tidlegare har opplevd eit slikt hardkøyr mot seg som statsråd.

Parlamentarisk leiar i Kristeleg Folkeparti, Kjell Magne Bondevik og Venstre-leiar Lars Sponheim seier til BT at dei var innstilt på å halde fram køyret mot Knudsen inntil ho bøygde nakken.

— Det tok altfor lang tid. Det var forbausande at ho ikkje gjorde det før. Hadde ho ikkje gjort det, ville vi ha halde det gåande inntil statsministeren sjølv måtte kome til Stortinget og gjere det for henne, seier Bondevik.