-
VIL HJELPE: – Dersom det blir problem mellom foreldra og born etter samlivsbrot er det svært viktig at dei søkjer hjelp hjå oss, familieterapeutane Inger Gallefoss og Inge Svenheim. Dei seier foreldre må bli flinkare til å sette seg inn i borna sin situasjon.FOTO: Deisz Ørjan
Borna gløymd etter samlivsbrot
Foreldre som tenkjer for mykje på seg sjølv får skulda for at stadig fleire born får problem når far og mor går frå kvarandre
AV: øyvind torvund
Les også:
- Foreldre blir oftare sjølvsentrerte i det dei går frå kvarandre. I tillegg blir fokuset fort retta mot å få eit nytt parforhold til å fungere, og då blir borna ofte gløymt, seier seksjonssjef for familievern i Bufetat, Anne Kristine Due-Sørensen.
- Ein katastrofe
Ifølgje ho har det dei siste åra kome stadig fleire saker til familievernet som skuldast problem i forholdet mellom born og foreldre etter samlivsbrot. Frå 1. januar til 1. september i fjor hadde familievernkontora nærmare 2800 slike saker. Tilsvarande tal frå same periode i år er 3100, ein auke på nesten ti prosent.
- Foreldra er ikkje flinke nok til å lytte til kva borna ønskjer. Det kan handle om alt frå kva ein skal gjere saman på fritida, til at ein kan føle seg oversett i dei nye familiane. Dette blir ytterlegare komplisert når dei nye partnarane også har med seg born frå tidlegare forhold. Samlivsbrot kan opplevast som ein katastrofe for borna, seier Due-Sørensen.
Offer for karrierejag
Forskar ved Norsk institutt for oppvekst, velferd og aldring (NOVA), Elisabeth Backe-Hansen, trur også alle følgjene av ei skilsmisse kan skape problem for borna. Dersom begge foreldra har krevjande jobbar, og er midt i si eiga karriereutvikling, kan dette forsterke problema.
- Ofte får ein som foreldre det tøffare økonomisk etter skilsmissen. Ein har ikkje lenger to inntekter å leve av, og må ofte flytte og dermed finne nye jobbar. Når det skjer så mange endringar i liva til foreldra, blir det vanskelegare å ta tilstrekkeleg med omsyn til borna, seier Backe-Hansen.
Ho seier born kan bli kasteballar i striden mellom mor og far.
- Dess betre foreldra samarbeidar, jo betre vil barnet få det. Dessverre er ikkje alle flinke nok til å lage gode avtalar, og difor kan borna lett bli brukt som konfliktobjekt, seier Backe-Hansen.
- Må ta borna sitt perspektiv
Familieterapeut ved Bjørgvin familierådgiving, Inger Gallefoss, seier det kan vere svært tøft for born å finne seg til rette i dei nye familiane.
– Nokre gonger blir vår oppgåve å få foreldra til å ta sette seg inn i barnet sin situasjon, og rett etter eit samlivsbrot er ikkje det like enkelt. Dei opplever ofte at foreldra ikkje brukar nok tid på dei, men heller prioriterer den nye familien. Dette kan vere svært smertefullt for dei, seier Gallefoss.
Ho får støtte av Inge Svenheim på Kirkens familierådgiving Biskopshavn.
- Familiesamansetninga har endra seg mykje dei siste åra. Ein del av del av dei som flyttar saman no har begge born frå tidlegare forhold. I tillegg får dei ofte felles born, og då får du mange involverte. Det er klart at slike familieforhold kan gjere situasjonen vanskelegare for borna, seier Svenheim.
Inger Gallefoss seier det er svært viktig at konfliktar blir løyste.
- Ein kan ofte sjå teikn til utagerande oppførsel hos borna dersom konflikten held på lenge nok. I tillegg melder dei ofte om søvnproblem, eller at det blir vanskelegare for dei å prestere på skulen, seier familierådgjevaren.
- Går bra med de fleste
- Noen barn får vedvarende plager etter å ha opplevd en skilsmisse i familien, men de fleste går det bra med, sier Ingunn Størksen ved Senter for atferdsforskning i Stavanger.
Hun har tatt doktorgraden på hva en skilsmisse gjør med barna og deres psykiske helse.
- Noen umodne voksne får så nok med seg selv i en skilsmissesituasjon at de glemmer barna, men mange er svært opptatt av å ta vare på ungene. Noen er faktisk så opptatt av å skåne barna at de helt glemmer seg selv, sier hun.
- Stabilitet avgjørende
Stabiliteten i familien under oppveksten er avgjørende for hvordan man klarer seg senere i livet. Det er hovedkonklusjonen i forskningsarbeidet til Christer Hyggen ved Fafo.
Doktoravhandlingen som han leverer i disse dager, viser at skilsmissebarn klarer seg dårligere enn andre.
- Vi ser at det å ha opplevd skilsmisse blant annet påvirker skoleresultat, hvordan man takler overgangen til arbeidslivet og den økonomiske situasjonen senere i livet. Men hvorfor det er slik, vet vi ikke, sier Hyggen.
Er norske foreldre for opptatt av seg selv? Si din mening her.
Les også
Siste fra Innenriks
* Dei siste åra har talet på skilsmisser vore på om lag 10.000 årleg. Talet på separasjonar har vore på mellom 11.000 og 12.000 kvart år.
* Familievernet er ei gratis teneste, som tilbyr terapi, rådgjeving og rettleiing ved vanskar, konflikt eller krise i familien.
* Alle sambuarar og ektefeller som har born under 16 år må til obligatorisk mekling ved samlivsbrot.
* Frå 1. januar til 31. august i år handsama Familievernet over 16.000 saker.