VIDAR YSTAD

Oslo

Det er klart etter at Kontrollkomiteen på Stortinget i går mottok svar frå statsministeren på spørsmål komiteen stilte for 14 dagar sidan.

Det betyr at Bondevik ikkje tek signala frå opposisjonen på Stortinget, som utgjer fleirtalet, om reforhandling og kutt i dei gullkanta pensjonsvilkåra for ein del statlege leiarar. Svarbrevet er utarbeidd av næringsminister Børge Brende.

Kvass reaksjon

Leiaren for Kontrollkomiteen, Ågot Valle (SV), seier til Bergens Tidende at ho reagerer på at Bondevik eigentleg ikkje har teke ansvaret for å svare når han har overlate til ein av statsrådane å utarbeide svar.

— Komiteen var veldig medviten på at vi nettopp ynskte å stille statsministeren spørsmål for å synleggjere ansvaret, seier Valle.

For det andre reagerer ho mot at det ikkje er svar på fleire av spørsmåla.

— Eg ser eit klart behov for at Stortinget forfylgjer denne saka. Vi i SV meiner i alle fall at avtalane skal reforhandlast, seier Valle.

- Ute av kontroll

— Det er bra at regjeringa har laga reglar for løns- og pensjonsvilkår. Men kva hjelper det når dei ikkje fungerer og det heller ikkje ser ut til at ein ynskjer å ta initiativ for å få vilkåra i samsvar med regelverket. Utviklinga har vist at løns- og pensjonsvilkåra for desse statlege leiarstillingane er ute av kontroll. Når vi ikkje har styrer og leiarar i desse verksemdene som forstår samfunnsansvaret sitt, som ikkje forstår at dei må ha legitimitet, og departementa ikkje vil gjere noko - ja då må Stortinget ta fatt i dette, seier Valle.

— Det er klart vi må fylgje opp denne saka. Men i kva form det skal skje, må vi vurdere nærare, seier Berit Brørby (Ap), også ho medlem av komiteen.

«Ikke behov»

Komiteen spurde konkret om det vil bli teke initiativ til å søke reforhandling av inngåtte arbeidskontraktar slik at dei kjem innanfor retningslinene.

Dette spørsmålet har Bondevik unnlete å svare direkte på. Derimot skriv næringsminister Børge Brende at «det ikke syntes å foreligge behov for å ta opp forslag om en reforhandling av pensjonsforholdene for aktuelle ledere».

Han legg til at «dette dreier seg i hovedtrekk om allerede inngåtte avtaler i forretningsmessige foretak, som i det alt vesentlige er konkurranseutsatte».

Berre leiarane i helseføretak som hadde dei mest gullkanta vilkåra, har måtta finne seg i å få reduserte pensjonsvilkår etter reforhandling av avtalane.

Det er også fleire av dei andre spørsmåla komiteen stilte, Bondevik ikkje har svara på.

Etter dei nye og skjerpa retningslinene som trådte i kraft 28. juni i år, skal pensjonsalderen for statlege leiarar ikkje setjast lågare enn 65 år. Pensjonsgrunnlaget skal ikkje overstige 12 G (grunnbeløpet i Folketrygda) som utgjorde 705.336 kroner då retningslinene trådte i kraft. 66 prosent av dette utgjer pensjonen, eller 465.522 kroner.