Under den siste pressekonferansen med Bondevik på statsministerens kontor, spurde Bergens Tidende om han framleis er «i tenkeboksen» når det gjeld standpunktet til norsk medlemskap i EU.

Bondevik svara at han har gått ut av tenkeboksen. Han stadfesta at han står solid på nei-standpunktet han alltid har hatt.

— Trongt i «tenkeboksen»

  • Det vart så trongt der inne i tenkeboksen, etter alt som skjedde i EU. Dei veit ikkje sjølv kva dei vil og kvar dei skal, sa Bondevik.

Han la samstundes til at han ikkje ser heilt bort frå at han ein gong seinare vil gå inn i tenkeboksen att. Men han ser i dag ikkje noko aktuelt behov for å nyvurdere standpunktet.

Bondevik opplyste i går at han gjerne skulle ha halde fram som statsminister men at planen då hadde vore å gå av før fireårsperioden var omme. Han ville ikkje røpe meir om planane sine. Det får vente til memoarane som han snart skal i gang med å skrive.

Ville slutta i 1997 og 2001

Bondevik oppsummerte i går sine 35 år i norsk topp-politikk. Nå er det difinitivet slutt etter 32 år som vald stortingsrepresentant, deltaking i fem regjeringar, ei av desse som statssekretær, to som statsråd og to som statsminister i til saman seks år, fire månader og 28 dagar.

Bondevik opplyste han at han var på veg ut av politikken framfor vala både i 1997 og 2001, men at han hadde late seg overtale i KrF til å halde fram.

Bondevik meiner regjeringsplattforma til den raudgrøne regjeringa ber preg av solid politisk handverk. Det er inngått mange kompromiss slik det må vere.

Men kvardagen og utfordringane melder seg når regjeringspartia skal i gang med budsjettet. Den første utfordringa får dei alt rett over helga når dei må forhalde seg til forhandlingane i WTO om landbrukspolitikken.

Bondevik rettar samstundes ei klar åtvaring til den nye Regjeringa mot å skusle bort den ordenen i norsk økonomi som Regjeringa hans etterlet seg.

— Dersom dei held seg til dei første signala dei har sendt ut om ikkje å gå ut over rammene som vi har lagt, kan nok dette gå bra. Heilt trygg er eg ikkje, men eg vonar det beste. Eg ønskjer den nye Regjeringa lukke til og trur absolutt Regjeringa kan overleve fireårsperioden, seier Bondevik.

Takk til Bondevik

Bondevik vart i går takka og hylla av Presselosjen i Stortinget for å ha vore open og tilgjengeleg. Leiaren i Presselosjen, journalist Alf Bjarne Johnsen i VG, meinte derimot at forvaltninga, under Bondevik, er blitt meir lukka. Han sendte ei utfordring vidare til den påtroppande statsministeren, Jens Stoltenberg.