Organisasjonane meiner departementa må legge kursen fullstendig om. Dei meiner det må bli ulovleg å nekta innsyn i faglege vurderingar av miljøkonsekvensar i utbyggingssaker.

— Fullstendig siger

— Dette er ei uhyre viktig avgjerd og ein fullstendig siger, seier fagsjef Andreas Tveteraas i WWF-Noreg til Bergens Tidende.

Fagmedarbeidar Guro Hauge i Bellona er like klar: - Denne avgjerda er utruleg viktig for alt miljøarbeid framover. Den betyr at departementa ikkje kan hemmeleghalde miljøfaglege vurderingar ut frå kva dei ser som føremålstenleg. Det er ein grunnleggjande demokratisk rett å få tilgang til all relevant miljøinformasjon. Det er viktig å få slått dette fast etter at Bondevik-regjeringa tråkka på desse rettane.

Begge organisasjonane opplyser at dei vil krevje å få tilgang til dei fullstendige miljøvurderingane frå faginstansane.

Det gjeld vurderingar frå SFT, Direktoratet for naturforvaltning, Norsk Polarinstitutt, Kystverket, Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet.

Vil ha alt på bordet

«Jeg kan ikke se annet enn at miljøorganisasjonene og allmennheten vil ha interesse i å få opplysningene om samtlige blokker som har vært aktuelle for utlysing, bl. a. for å kunne gi innspill til og etterprøve avgjørelsen om hvilke blokker som skal utlyses» skriv ombodsmannen.

I fråsegna si går ombodsmann Arne Fliflet sterkt i rette med fleire av dei standpunkta og vurderingane Miljøverndepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har presentert i denne saka.

Dei to departementa argumenterte med at det ville få alvorlege negative konsekvensar om vurderingane frå faginstansane skulle bli offentleggjort.

På punkt etter punkt imøtegår Fliflet synspunkta frå dei to departementa. Dei får også klar kritikk for saksbehandlingstida, frå innsyn vart kravd og til dei gav svar på innsynskrava.

Ikkje godt nok

Etter regjeringsskiftet sist haust, endra departementa til ein viss grad haldning og gav innsyn i ein del av materialet. Det synte sterke åtvaringar frå faginstansane mot nye planlagde oljeboringar. Desse vurderingane hadde faginstansane utarbeidd etter regjeringsskiftet. Stoltenberg-regjeringa vil ikkje gje innsyn i fagvurderingane av dei blokkene som ikkje vart lyst ut.

I brev til ombodsmannen skriv Fiskeri- og kystdepartementet såleis:

«En avgått regjering må kunne ha tillit til at dennes politiske vurderinger og vedtak ikke offentliggjøres av en ny regjering, og departementet finner det således fortsatt ikke korrekt å offentliggjøre de aktuelle dokumentene i sin helhet slik klagerne ønsker.»

Ombodsmannen aksepterer ikkje argumentasjonen. Han peikar på at faginstansane i stor grad har gjort reine faglege og ikkje politiske vurderingar.

«Hensynet til åpenhet står særlig sterkt i saker som denne. Det er også viktig at de miljø- og samfunnsmessige sidene blir godt opplyst før det fattes vedtak om utlysing. At miljøorganisasjoner og allmennheten får mulighet til å delta i en offentlig debatt, vil kunne sikre dette», skriv ombodsmannen.

- Tabba seg ut

— Den utlysinga av blokker i 19. konsesjonsrunde som Bondevik-regjeringa gjorde, kunne ikkje ha skjedd om vi hadde fått tilgang til det materialet ombodsmannen nå slår fast at vi skulle ha fått tilgang til, seier Tveteraas .

— Bondevik-regjeringa tabba seg så kraftig ut gjennom denne saka at heile prosessen er tilsmussa og saknar truverd. Det betyr også at olje- og energiminister Odd Roger Enoksen og miljøvernminister Helen Bjørnøy bør vere yttarst kritiske og varsame med å tildele blokkar som faginstansane har åtvara mot, seier Tveteraas.

Han peikar spesielt på blokkene utanfor Møre, sør for Lofoten og dei kystnære område utanfor Finnmark.