Dette skjer ved at søkarar som har bede om anonymitet, er luka vekk frå dokumentet som er sendt til Stortinget med namn på søkarar og kven som er utnemnt i løpet av siste året. Bondevik-regjeringa meiner tydelegvis at endringa er ein nødvendig konsekvens av at Stortinget har endra offentleglova slik at søkarar kan be om anonymitet. Etter dette held regjeringa alle søkjarar som bed om anonymitet unna dei listene som er sendt til Stortinget. Men Sivilombodsmannen er ikkje samd i eit slikt resonnement og legg til grunn at «samtlige søkernavn i tråd med tradisjonell praksis vil måtte gjøres kjent gjennom den årlige stortingsmeldingen om embetsutnevnelser» — også etter lovendringa. Dette går fram av eit brev ombodsmannen sist veke sendte til statsministerens kontor og til Bergens Tidende.

Kontrollen med regjeringa

Tilgang til søkarlistene har vore ein del av grunnlaget for Stortinget sin konstitusjonelle kontroll med regjeringa. Allereie i 1836 vart dette slege fast av den dåverande protokollkomiteen på Stortinget.

Frå tid til anna har skiftande regjeringar fått kritikk frå Stortinget for bestemte utnemningar. Det påpeikar professor emeritus Per Stavang ved Universitetet i Bergen, overfor Bergens Tidende. Praksisen med full tilgang til søkarlistene har ingen samanheng med offentleglova. Den lova kom først i 1970, og det var først då at alle og kvar ein kunne krevje å få tilgang til fullstendige lister over alle søkarar til offentlege stillingar.

Men i Stortinget har søkarlistene vore offentleg tilgjengelege som eitkvart anna dokument som ikkje har vore klausulert, sidan 1850-talet.

Regjeringa har nå varsla at Stortinget skal få innsyn i dei komplette søkarlistene «i egen ekspedisjon» dersom ein skulle ynskje det som lekk i den konstitusjonelle kontrollen sin.

Statsministeren greip inn

Same dag som Bergens Tidende skreiv at regjeringa, utan heimel, oversendte «redigerte» søkarlister til Stortinget, tok statsministerens kontor affære. Administrasjonsdepartementet fekk pålegg om å sende komplette søkarlister til Stortinget.

Etter det sendte administrasjonsminister Victor Norman, som ansvarleg statsråd, utan eit ord til forklaring, over komplette søkarlister til presidentskapen i Stortinget.

Noka forklaring på kva som her har skjedd vil Normann heller ikkje gje til Bergens Tidende. Han opplyser berre om kva som har skjedd. Han har heller ikkje noko å seie til at regjeringa nå bryt ein 150-årig praksis.