VIDAR YSTADHÅVARD BJELLAND (foto)

— Auken er for liten. Faktisk legg regjeringa til grunn at trygdeauken i år blir på fire prosent. Det er klart mindre enn det lønsauken ser ut til å bli. Og etterslepet som eventuelt skal dekkast inn gjennom «garantien» neste år, vil ikkje kompensere for det dei taper i år. Vi vil nå oppleve at regjeringa for første gong i historia får framlegget til trygdeoppgjer nedstemt i Stortinget, seier Bjarne Håkon Hanssen til Bergens Tidende. Han er sosialpolitisk talsmann i Ap.

Men om reaksjonane er sterke mot det opposisjonen meiner er for låge løyvingar, er reaksjonane endå sterkare over det som fylgjer:

Samstundes kjem nemleg Bondevik-regjeringa med eit 20-tals nye kuttforslag, for å finansiere trygdeoppgjeret. Mange av framlegga provoserer opposisjonen. Det gjeld til dømes auka eigenandelar ved sjuketransport og kutt i tilskott til sysselsetting av sjøfolk.

Rasar mot Bondevik

Frp-formann Carl I. Hagen rasar mot regjeringa. Til Bergens Tidende seier han:

— Dette er reint lureri. Regjeringa stadfester at påstanden frå Bondevik tidlegare, om at det var lagt inn dekning for trygdeoppgjeret i revidert budsjett, ikkje var rett. Det er heilt klart når dei nå må kutte kostnadar for å finne inndekning.

Hagen går også til frontalåtak mot fleire av kuttforslaga.

— Her kuttar dei på anlegg innan vegbygging og jernbane. Det skjer i ei tid då arbeidsløysa aukar. Det er heilt meiningslaust å køyre fleire over på arbeidsløysetrygd enn å halde dei i meiningsfyllt arbeid. Det er også kutt i løyvingane til regional utvikling og nyskaping og til forskingsrådet. Dette er dårleg handverk frå Regjeringa. Eg er opprørt, seier Hagen.

Hanssen seier at framlegga nå seier mykje om denne regjeringa:

— Den gjev med den eina handa og tek med den andre. Når dei plussar litt på trygdeoppgjeret og så knip inn att ved auka eigenandelar på sjuketransport som særleg råkar trygda og pensjonistar.

Lang kuttliste

Ein auke i grunnbeløpet frå 4,50 prosent slik det opprinnelege var lagt opp til, og til 4,73 prosent, krev nye uttellingar på statsbudsjettet på 329 millionar kroner.

For ikkje å svekke budsjettbalansen, gjorde Kongen i statsråd i går vedtak om å gjennomføre ein serie nye kutt i høve til det som låg i revidert budsjett. Mellom anna blir posten tilskott til sysselsetting av sjøfolk kutta med 65 millionar kroner. Posten sjuketransport blir kutta med 50 millionar kroner. Motstykket er at eigenandelen for sjuketransport blir auka frå 95 til 110 kromer for enkeltreise og frå 190 til 220 kroner for tut/retur-reiser.

For å blidgjere sinte trygda vil Regjeringa garantere ei ny regulering i trygdeytingane frå 1. januar 2004 om lønsveksten blir høgare enn rekna med. Det er kalkulert med ein lønsvekst på 4,5 prosent for lønstakarane.

1,1 prosent av auken i grunnbeløpet er kompensasjon for etterslep i inntektsutvikling. 0,6 prosent av beløpet er kompensasjon frå tida fram til 2001, resten for perioden etter 2001.

Fnyser over Norman

Med garantiklausulen for hand kunngjorde i går administrasjonsminister Victor D. Norman at pensjonistane blir «årets inntektsvinnarar». «Og det fortener dei» la han til.

Med dette fnyser opposisjonen av.

Justeringane inneber at grunnbeløpet i Folketrygda blir 56.544 kroner frå 1. mai i år.

Som fylgje av reguleringa vil einslege minstepensjonistar og unge uføre få auka ytingane med 4240 kroner til 101.400 kroner i året. Minstepensjonistpar vil få ein auke på 12.984 kroner til 180.192 kroner. Det er eit resultat av vedtaket om å auke grunnpensjonen til ektefellar og sambuarar.