Bondevik vart utfordra av Frp-formann Carl I. Hagen under den munnlege spørjetimen på Stortinget i går. Hagen forklarte at han ville nytte høvet til å stille spørsmål som opptek både politikarar og journalistar, sidan dette var siste spørjetimen med Bondevik før stortingsvalet.

Kopiere Willoch?

Hagen ville vite kva Bondevik har tenkt å gjere i høve til Frp dersom Høgre og Frp får 18-20 prosent av røystene kvar, KrF blir halvert og Venstre ikkje kjem over sperregrensa. Det vil ifølgje Hagen gje eit ikkje-sosialistisk fleirtal. Hagen ville også vite om Bondevik har tenkt å fylgje Kåre Willoch si oppskrift etter valet i 1985: å søke å regjere vidare utan å snakke med andre, sjølv om fleirtalet som då hadde stått bak regjeringa, gjekk tapt.

Eit drygt halvår seinare, vart Willoch-regjeringa felt, med røystene frå Frp, og Ap kom til makta.

Men Bondevik hadde ikkje noko behov for å gå inn på slike spørsmål. Han hevda at dagens modell, der regjeringa etter valet svarte på ei rad spørsmål frå Frp, står seg godt.

— Spele frå seg korta

— Eg vil ikkje spekulere om valresultatet. Det vil vere å spele frå seg alle kort på førehand. Sjølv om eg ikkje er nokon erfaren kortspelar, veit eg at det løner seg dårleg, sa Bondevik. Han gav uttrykk for at han vonar at samarbeidsregjeringa kan halde fram med god balanse mellom høgre og sentrum.

— Eg fekk eit veldig klargjerande svar frå Bondevik: Han ville ikkje gå inn på den situasjonen som oppstår dersom det raud-grøne regjeringsalternativet ikkje får fleirtal. Han nytta ikkje høvet eg gav han til å kome oss i møte, seier Hagen til Bergens Tidende.

Hagen seier at han ikkje er overraska og at han oppnådde det han ville ved å få det han kallar «eit klargjerande svar» frå Bondevik frå Stortingets talarstol.

— Provoserer svaret frå Bondevik Frp?

— Eg nøyer meg med å minne om at vi skal ha ei grundig drøfting av situasjonen når denne stortingssesjonen er over, seier Hagen.