Bondevik klarerte asylnekt

Både statsminister Kjell Magne Bondevik og fleire andre regjeringsmedlemer var involvert før Erna Solberg instruerte UDI om å nekte Vanunu asyl.

Les også:

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) vil ikkje la seg intervjue om saka, men skriv dette i ein e-post til Bergens Tidende:

«Nokre regjeringsmedlemer, også eg, vart konsultert, og dei andre regjeringsmedlemene vart orientert før avgjerda vart fatta av kommunalministeren.»

Meir enn dette vil Bondevik ikkje ut med.

Høgre-leiar Erna Solberg vil ikkje gå i detalj om kven ho involverte. Ho seier at dei aktuelle «råka» statsrådane vart kontakta.

Vanunu: - Jeg var dypt nede

- Hugsar ikkje
Stortingsrepresentant Jan Petersen (H) som var utanriksminister i Bondevik II-regjeringa, har opplyst til Bergens Tidende at han ikkje kan minnast å ha blitt involvert i denne saka.

Det same seier stortingsrepresentantane Odd Einar Dørum og Lars Sponheim frå Venstre. Dørum var justisminister, Sponheim landbruksminister. Dørum var med i regjeringa sitt tryggingsutval, Sponheim i det viktige underutvalet der partileiarane deltok.

KrF-leiar Dagfinn Høybråten, som også var med i regjeringa, vil ikkje svare på om han var involvert i denne saka.

Dagens BT-leder: Norge og Vanunus fridom

Les også: - Ap har svikta Vanunu – Ap har svikta Vanunu

- Hypotetiske spørsmål
- Eg seier ingen ting om intern saksbehandling i regjeringa. KrF var med i regjeringa og er medansvarleg for avgjerdene derfrå. Vi står ved det vi har vore med på.

- Korleis vil KrF stille seg til ein ny søknad frå Vanunu?

- Eg svarar ikkje på hypotetiske spørsmål, seier Høybråten.

Venstre-leiar Lars Sponheim seier derimot at han meiner det er gode grunnar for å gje Vanunu opphald og asyl i Noreg.

- Venstre har alltid stått for og meint at plaga og forfølgde bør få eit menneskeverdig liv. Vanunu er blitt utsett for trakassering og forfølging. Han har fortalt verda om israelske atomvåpen. Det er ein kunnskap det var viktig å gje verdssamfunnet. Han har vore ein viktig varslar. Difor bør han få opphald i Noreg, seier Sponheim.

Les også: Erna Solberg stadfester overprøving av UDI Erna Solberg stadfester overprøving av UDI

Les også: Ambassadør punkterer Erna Solbergs argumentasjon Ambassadør punkterer Erna Solbergs argumentasjon

Les også: - Grensesprengande dobbeltmoral - Grensesprengande dobbeltmoral

Bør Norge nå ta imot Vanunu? Diskuter saken her.

Les også

Siste fra Innenriks

To menn knivstukket i Østfold

To menn i 30-årene ble natt til lørdag knivstukket, den ene av dem alvorlig, i Spydeberg i Østfold.

Spår bondesmell for de rød-grønne

Valgforsker Frank Aarebrot tror striden med bøndene om årets jordbruksoppgjør vil resultere i en skikkelig baksmell for den rødgrønne regjeringen neste år.

Seks pågrepet i doping-razzia

Seks personer ble pågrepet da politiet natt til lørdag gjennomførte razzia mot to utesteder i Trondheim. Flere hundre gjester ble sperret inne mens aksjonen pågikk.

44.000 kan være i streik over pinse

- Vi regner med at dette vil merkes godt, sier lederen av LO stat, Tone Rønoldtangen.

Gutt (13) døde etter badeulykke på klassetur

Be hentet opp av dykkere fra fire meters dyp.

Streiken i staten trappes opp

Tomme celler og avlyste førerprøver blir konsekvensen når LO stat og YS trapper opp streiken.

Relaterte bilder

FOTO: SCANPIX

FOTO: HÅVARD BJELLAND

FOTO: SCANPIX

FOTO: RONEN ZVULUN

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger